Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 41 til 43 av 43 sitater

Kvifor syng du, fugl? Er ogso du i stengsle

og bunden i den ham som livet ga?

Og blomen som slær ut i eldraud lengsle,

er han ein draum frå fyrste celle av?

Frå vatn til jord og luft seg livet breider,

og vil ha englevenger fyrr det tegjer.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Når klokka ringjer for fyrste timen, ligg skuleplassen att - eit konkret dikt.

Tekkt trakk av gruppor framfor inngangen sakleg dryftande månerakettar og sekund i St. Mortitz

Halvferdige snømenner stend att etter dei minste.

Rundt på veggene far etter einstødingar, der stod han og ho.

På uthusveggen ei spræne av snøballar, ei knust rute på do, yver døri til styvaren eit svivyrdsleg kast.

Bokstavar i snøen: Solveig + Knut, Åse + -- han rakk å strukja det ut.

Ute på plassen ból etter slagsmål, dropar av naseblod og ein grøn vott.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

SVEVN
Lat oss glida inn
i svevnen, i den
logne draumen,
glida inn - tvo
deigemne i den
gode bakaromnen
som heiter natt.
Og so vakna
um morgonen
tvo gylne
kveitekakor!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Tatiana WesserlingPiippokattamarithcHarald KTine SundalEllen E. MartolJohn LarsenTorill RevheimBirkaKirsten LundSol SkipnesBjørg L.Ingunn SJulie StensethStig TFrode Øglænd  MalminTor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenRuneAvaAud- HelenInge KnoffHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima MontgomeryKristine LouiseAnne-Stine Ruud Husevågmay britt FagertveitLailaTanteMamiePia Lise SelnesKine Selbekk OttersenGodemineSigrid Blytt TøsdalTralteRisRosOgKlagingPer Åge SerigstadBjørg  Frøysaa