Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 20 av 43 sitater

Det finst varslarar

Det finst varslarar:
Vind, vette og fugler.
Og svingdører.

Kven
var det eg såg
i glasspegelen då
du kom inn?

Døri gleid att.
Me tegjer båe.

Olav H. Hauge

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eit korn

Eit korn av rettvise
slo rot i hjarta mitt, voks
og vart til ein salt eld.
Eg ofra til han og gjødde han
med feitt slakt.
Og elden vart ei ødle.

Olav H. Hauge

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har tri dikt

Eg har tri dikt,
sa han.
Seg telja dikti.
Emily kasta dei
i ei kiste eg
kan ikkje tru ho talde dei,
ho sprette berre ein tepakke
og skreiv eit nytt.
Det var rett. Eit godt dikt
skal lukta av te.
Eller av rå mold og nykløyvd ved.

Olav H. Hauge

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kvardag

Dei store stormane
har du attum deg.
Då spurde du ikkje
kvi du var til,
kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk,
du berre var i stormen,
var i elden.
Men det gjeng an å leva
i kvardagen òg,
den grå stille dagen,
setja potetor, raka lauv
og bera ris,
det er so mangt å tenkja på her i verdi
eit manneliv strekk ikkje til.
Etter strævet kan du steikja flesk
og lesa kinesiske vers.
Gamle Laertes skar klunger
og grov um fiketrei,
og let heltane slåst ved Troja.

Olav H. Hauge

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Einsleg fure

Her er romsleg, du fekk
tøygja toppen og slå kruna
vidt ut.

Men du stend åleine.
Når stormane kjem, har du
ingen å stø deg til.

Olav H. Hauge

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Slå ring um ditt liv

Slå ring um ditt liv.
Ring på ring.
Kva me treskjarar gjer
når me fyrst er i sving,
hald dykk undan
den ting!
Grimute, svarte
me snur og snur,
opn gluggen for gyvet,
skræm dei med lur -
dung upp halm,
skuff agner på dør,
lang bundone fram
lat det gå som fyrr
so dusti skjelv
under sperror og tak,
men, matar,
ver vak!
Korn skal de få til mat og malt,
men fred vil me ha,
det er alt.

Olav H. Hauge

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Dei tenkte ikkje

Dei tenkte ikkje.
Dei gikk blindt.
Stogga stundom
og såg -
Seg tenkja.
Det må væra noko nytt.

Olav H. Hauge

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Golv

Det er godt å ha
eige golv.
Skolv
det, eller leid det
under deg?
Dansar gjer
ikkje eg,
men eg gjeng då
att og fram
og held på med
mitt.

Olav H. Hauge

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Fred

Liv og ljos
er stride ting!
Natt og død
stend stumt ikring.

Kvifor strida
angstvilt?
Me vil ikkje
noko ilt.

Gløymslesvevn
me har i famn,
kvild og fred
i Herrens navn.

Liv og loge,
strid og bed!
Viljens eldmod
gjev fyrst fred.

Olav H. Hauge

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sanningi

Sanningi er ein skygg fugl,
ferdast utanum tidi,
stundom fyre,
studom etter.
Sume segjer ho
ikkje er til,
dei som har set henne,
tegjer.
Eg har aldri tenkt meg sanningi
som ein husfugl,
men um ho so vore,
kan du godt stjuka henne med fjøri
og ikkje jaga henne upp i ei krå
til ho snur ugleaugo og klør imot deg.
Andre held sanningi for
ei kald knivsegg,
ho er både
yin og yang,
ormen i graset,
og fuglekongen som lettar frå ørni
når ho trur seg høgst.
Eg har óg set
sanningi daud:
augo stod som på ein klaka hare.

Olav H. Hauge

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Tatiana WesserlingPiippokattamarithcHarald KTine SundalEllen E. MartolJohn LarsenTorill RevheimBirkaKirsten LundSol SkipnesBjørg L.Ingunn SJulie StensethStig TFrode Øglænd  MalminTor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenRuneAvaAud- HelenInge KnoffHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima MontgomeryKristine LouiseAnne-Stine Ruud Husevågmay britt FagertveitLailaTanteMamiePia Lise SelnesKine Selbekk OttersenGodemineSigrid Blytt TøsdalTralteRisRosOgKlagingPer Åge SerigstadBjørg  Frøysaa