Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 21 til 30 av 43 sitater

Spør vinden

Spør vinden,
helst han tusul.
Han fer vide,
og kjem ofte att
med godt svar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Du hengjer ikkje hatten på ein solstråle

Du lyt stødt ha
fast grunn
under føtene, noko

å halda deg i,
tanken
vågar ikkje

å sleppa seg,
er som eit barn,
lit seg ikkje, men

trivlar stødt
etter hald.
Du hengjer ikkje

hatten på ein
solstråle,
du lærde seint

å symja, har
mistru til fly,
er ikkje trygg

anna til fots.

Olav H. Hauges

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Fjell er tunge å flytte på

Fjell er tunge å flytte på,
eikeroti seig å rikke,
kven vågar seg i kast
med dei store sakene i verdi?
Uksar og elefanter ber dei på ryggen
lange vegar, ørnar flengjer ut
blodige stykke og fyk
til ufser og avgrunnar
ulvane rivst um dei,
revane har dei til åte,
flugone skit dei til,
skjori stel sylvet,
ormen ber kruna.

Olav H. Hauge

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det er den draumen

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg
at hjerta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgenstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Olav H. Hauge

Godt sagt! (12) Varsle Svar

I min Faders hus

I min Faders hus er mange rom.
Og mange er dørene inn.
Kva tropp skal du krjupa,
Kva tåror lyt du fella,
kva klokke skal du ringja,
skal du bruke sleggja eller slå
knokane til blodes?
Opnar dei seg berre for
hornblåst og trompetstøyt?

Det kjem ei stund
då dårene svingar på jarni, du veit ikkje
um ei slik stund kjem att.
Men Odin slepte taket i båtkvelven,
og Romeo und Julia auf dem Dorfe
siglde inn i himmelen på ein høystakk.

Olav H. Hauge

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Bjørki

Han hadde lagt
merke til ein ting,
sa Gamle-Hallvor,
og det er at bjørki veks
berre um morgonen.
Dette trur eg er tøv.
Eg trur ein veks med ein søv.

Olav H. Hauge

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Elvi burtanum fjorden

Ho dett og dett
i dag som i går,
dett i berg
der berre ørn
fyk -
dett i eino,
dett tungt mot fjell
utan ljod,
utan song,
strævar og dett -
velt fram
or giljar og gjøttor,
bullar
i kvitskjegget,
stoggar og heng -
dett
i tidløyse,
dett i marebunden draum -
fær ikkje ord fram,
ikkje ljod ...

Olav H. Hauge

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Kråka

Kråka er ingen storfjukar.
Men ho sluttar aldri å øva seg.
Sjå, kor ho driv på
med kjappe tak
og skal nå skogen!

For kråka likar å fjuka.
I raude haustkveldar fyre storm
strævar ho seg mot høgdi,
og kjem att - siglande
millom svelande lauvsblokkor
i djerve bogar
yver svarte skogtoppar
som styvingen i sitt fyrste rus.

Ørni kan fjuka,
segjer kråka, og flytter
høgtideleg fot.
Men ho læst ikkje gå
når ho viser seg
yver fjelli.

Ein dag såg ho ei høne flaksa
yver nettingen og skjena
nedetter.
Då skulde du hørt på skrepping,
kor glup høna var
til å fjuka!

Olav H. Hauge

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg las eit dikt

Eg las eit dikt, men skyna snart at eg
las anns manns brev; at ordi var til ein
og ingen andre, stod so greidt i stein.
For henne fanst det ikkje annan veg,

ho ravla ned si naud, og heiv eit blad
på von og våge, - enn um han las
det nettupp han! ho sprang i eldfengt gras.
Men heller ikkje eg las likeglad.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

EIT SANDKORN

Det var eit sandkorn

på havsens strand

som vilde skina

som perla kan

--

Og segni segjer

for visst og sant

at kornet vart

ein diamant.

--

Det vesle kornet

frå sandgrått hav

skin no på knappen

på kongens stav.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaFrode Øglænd  MalminJohn LarsenTor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenKirsten LundRuneAvaHarald KAud- HelenInge KnoffJulie StensethStig TIngunn SHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima MontgomeryKristine LouiseAnne-Stine Ruud Husevågmay britt FagertveitLailaTanteMamiePia Lise SelnesKine Selbekk OttersenGodemineSigrid Blytt TøsdalTralteRisRosOgKlagingPer Åge SerigstadBjørg  FrøysaaLisbeth Marie UvaagHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenMarianne  SkageTor Arne DahlDemeterAnn ChristinDolly Duck