Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 31 til 40 av 43 sitater

Det eg huskar best

Det eg huskar best frå barndomen,
er vinden.
No er det ikkje vind att.
Ikkje vind
og ikkje fuglar,
kor skal det då gå?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

På havstrandi

Ho svara ikkje, men vende deg ryggen - og gjekk.
Og vinden og skyene, ja endåtil havet vende deg
myrknande ryggen; steinane i strandi dukka,
kvart strå, kvar bylgje jaga
imot ei onnor strand.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Brotne strå

Det er ikkje dei brotne stråi som skal tala,
men dei tusund som voggar i vinden -
ikkje fuglen som vengskoten dala,
men dei som fyk frie mot tind,

Men ingen skal taparen lasta.
Han lid fyrst nederlag
den stundi hans naud har kasta
sin skygge på livens dag.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Du let sorgi di fara

Du let sorgi di fara, og vinden tok henne med seg,
du kasta kvida, og tidi bar henne burt.
Men eg veit du vil finna steinar i vadet,
ei øy i havet,
ei bru yver Gjoll.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Tåre, du tarv ikkje falla

Det var lite for deg
men mykje for meg:
Eit smil då det gjaldt
og eit handtrykk var alt.

Tåre,
du tarv ikkje falla,
eg veit du er salt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Din veg

Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjente,
ut i det blå.

Dette er din veg.
Berre du
skal han. Og det er
uråd å snu.

Og ikkje vardar du vegen,
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Elden

Elden
var ofte god
når du frosen og mod
vermde deg ved han.
Fekk han litt never og spik,
vart han seg sjølv lik
um du stengde han inne
i omnen óg; ljoset frå spjeldet
er gode minne.
Men i kamin
vart han framand og fin.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Vinden har so mykje å fortelja i vår

Vinden ha so
mykje
å fortelja

i vår, eg har ikkje
høyrt han
på mange år,

han gustar
og pustar
i nakne tre;

vil de livna til
og verta grøne!
Tek so i mønet;

vil, vil de
vakna til!
So er han

i trei att,
skjek dei,
tek dei

med stride kast
og det kvast!
Tuskar

um nævene
nuskar
i fjorgamalt lauv

og føykjer
ein skruvl
av det burt -

det er turt no,
turt -

gjer so ei spøne
yver flaten
so det ryk,

kjem att, set på seg
ein svart gamal hatt
og stryk -

Kom att!
Kom att!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ein lyt

Ein lyt
smøygja seg
og tøygja seg
og friska seg
og briska seg,
gjera som braken
spita hagl og regn!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Fylg tanken

Fyld tanken - men ikkje
til ytste egg,
og plukk ikkje kvar ein blom
på nysprotten hegg.

Lat tankane koma
og blåna or augeneleite,
og blomar på draumtreet hanga,
kva dei so heiter.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Stig TIngunn SHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima MontgomeryKristine LouiseAnne-Stine Ruud Husevågmay britt FagertveitHarald KLailaTanteMamiePia Lise SelnesKine Selbekk OttersenGodemineSigrid Blytt TøsdalTralteRisRosOgKlagingPer Åge SerigstadHilde H HelsethBjørg  FrøysaaLisbeth Marie UvaagHanne Kvernmo RyeKirsten LundJarmo LarsenMarianne  SkageTor Arne DahlDemeterAnn ChristinDolly DuckJan-Olav SelforsHeidi LMarit HåverstadSynnøve H HoelMarianne AugustaJohn LarsenArne SjønnesenAnne Berit GrønbechAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBenedikte