Ingen lesetilstand
Ingen hylle
Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Musikarparet Renate og Theodor Ungermann kjem til Bergen frå det krigsherja Tyskland i 1952. Den gamle byen Königsberg som Theodor var vaksen opp i, er øydelagd i krigen. Når fiolinelevane på Frøken Dreyers musikkskole prøver å finne ut av dei same musikkstykka som han sjølv spela som ung gut, er det som om tapet av barndomsriket får lindring. Ein roman om eksilets problem og modernitetens pris, om musikkens verd og den verkelege verda.
Omtale fra forlaget
Frøken Dreyers musikkskole er forteljinga om Theodor og Renate Ungermann, eit ungt musikarpar som kjem til Bergen frå det krigsherja Tyskland i 1952. Med frøken Dreyers musikkskole som base, ønsker han å realisere ein ny musikk for ei ny verd i Bergen, medan ho ser fram mot den dagen da dei skal vende tilbake til heimlandet. "Musikalsk perle ... sobert og velskrevet" Øystein Rottem, Dagbladet. "Med Frøken Dreyers musikkskole har Edvard Hoem skrevet en av sine beste romaner, en interessant ferjereise mellom kjærlighet, musikk og politikk ... en meget lesverdig og engasjerende roman" Tinic Talén, VG. "En storlinjet og vakker roman ... Hoem utfolder sin ubestridelige stilistiske og komposisjonsmessige begavelse i denne romanen ... Hoem utfolder seg med virtuo-sitet i Frøken Dreyers musikkskole. Både hans kunnskaper om musikk, hans inntrengende og skarpt psykologisk sette portretter gir romanen substans og fylde" Turid Larsen, Dagsavisen. "Vakker roman om kjærlighet, musikk, kunstnerdrømmer og livet i eksil" Anne Hoff, Kvinner og klær.
Forlag Oktober
Utgivelsesår 2006
Format Heftet
ISBN13 9788249504107
EAN 9788249504107
Serie Oktober pocket
Omtalt tid Etterkrigstiden
Omtalt sted Bergen
Språk Nynorsk
Sider 379
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Edvard Hoem er meister i komposisjon og psykologiske skildringar. Eg fann det interessant og etter kvart rørande å vere med ekteparet Ungermann frå dei i starten av boka kjem til Bergen midt på 50-talet og til boka sluttar i det Sovjetunionen i 1968 knuser reformrørsla i Tsjekkoslovakia. I gode og vonde tider følgjer vi ekteparet, etterkvart får dei ein son, og mot slutten av boka ligg spaninga i om forholdet deira vil overleve etter kvart som dei sjølve og tidene endrar seg. Mykje av handlinga går føre seg på og rundt Frøken Dryers musikkskule, der Theodor Ungermann etter kvart blir bestyrar. Sjølv om eg ikkje er spesielt musikkinteressert, las eg boka ut på nokre få dagar. Kvifor? Fordi Hoem fører oss nært inn på menneska og tida, og fordi han som alltid skriv vakker nynorsk. Eg håpar fleire les denne boka.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketMange musikarar han kjende, var ikkje intellektuelle, dei var emosjonelle, og musikken var eit språk som kjenslene deira kunne uttrykke seg gjennom, ikkje ein veg til erkjenning. Slik var mange av fiolinistane i Harmonien, og slik var fleirtalet av lærarane på musikkskolen. Dei spela musikk og underviste i musikk. Dei pusta gjennom musikken, og hadde bruk for venleiken i musikk, men ikkje smerta i musikk. Livssmerte har den som gjennomskodar tilværets absurditet.