Viser 1 til 3 av 3 lister

  • når du akkurat har byrja å lese ei bok, og den er så fantastisk at du ikkje klarer og slutte, før du har kome til siste sida.

  • når ein les for barn, og ein ser kor levande historia vert for barnet i augene deira, og dei stiller tusen spørsmål.

  • når du ikkje får søve om kvelden og den du er glad i les høgt for deg.

  • når du går inn i den perfekte bokhandelen, der det er bøker frå golvet og heilt til taket, og alle ser ut som heimlause skattar som berre ventar på at nokon skal gi dei ein heim, og sjå dei.

  • når du sit på toget, eller bussen eller ein cafè og ser ein framand les ei bok du er glad i, og du følar at det er eit usynleg venskap mellom dokke.

  • når du les ei bok som er så god, at du kan lukte regnet på asfalten i New York, høyre praten frå marknaden i India eller føle gleda til hovudpersonen langt inn i hjarterøtene, sjølvom du sit på ein studenthybel i vinter-Noreg.

  • når du aldri har fått diskutert ei fantastisk bok, og endeleg møter nokon som har lest akkurat den boka for fyrste gong, og dokke kan prate i timesvis, lukke.


Godt sagt! (30) Varsle Svar
  • å vandre rundt i eit bibliotek, og føre hendene over bøkene, og berre sjå på alt som ein kan lese og lære.

  • å lese høgt for eit barn, ei bok ein sjølv var glad i når ein var liten.

  • når ein i ein dialog, plutseleg kjem på eit sitat frå eit bok, og det kunne ikkje passa betre inn i samtalen.

  • barnebøker fulle av blyantstrekar og rablerier frå barna som har lest boka.

  • å lese for eit menneskje som er sjukt, der begge to kan forlate røyndommen ei lita stund og forsvinne inn i bokverda.

  • gleda og spaninga over å opne ei ulest bok for fyrste gongen.

  • lukta av ei heilt ny bok.

  • når nokon siterer ei bok, og du veit nøyaktig kva bok det er. gleda.

  • kjensla av å ha lest noko så bra at ein vil rope det høgt ut, for ingen må gå glipp av å lese dette!

  • å snuble tilfeldig over ei bok som syner seg å vere mind blowing.


Godt sagt! (16) Varsle Svar
  • lukta av ei gamal bok.
  • å kjøpe ei brukt bok, og fundere og kor mange ulike menneskje som har holdt denne boka i hendene sine.
  • å verte lest høgt for.
  • å finne sitat som legg seg på hjernebarken for alltid, og får heile verda til å stoppe opp eit par sekund.
  • gamle, fine innbudne bøker. helst lær.
  • når nokon har notert i boka. memo to self.
  • å få ei bok i gåve, med ei helsing i byrjinga.
  • å arve ei god bok frå noken ein er glad i.

Godt sagt! (20) Varsle Svar

Sist sett

Margrethe  HaugenHarald KTine SundalHildeKirsten LundToveLinda NyrudHeidiTine VictoriaJulie StensethHelen SkogAndreas BokleserTone HTerje N AbuslandHilde Merete GjessingHenrik  Holtvedt AndersenBjørg L.Amanda AAvamgeGodemineReadninggirl30Lisbeth Marie UvaagAstrid Terese Bjorland SkjeggerudVannflaskePiippokattaTore HalsaKjell PTore OlsenCamillaSiw ThorbjørnsenReidun SvensliAnn ChristinLise MuntheDemeterBerit RAstrid SæverhagenHilde MjelvaConnieBjørn Sturød