2016
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Denne diktsamlinga tar for seg dei store kjenslene i form av både latter og alvor, om kroppar i forvandling, forelsking, lengt og einsemd.
Omtale fra forlaget
Om å vekse opp - og ut og inn NOTAT FRÅ HELSESØSTERPenisen hans er skeivtruleg fordi han har sete attmed den fagraste jenta på skuleni tre årutan å seie eit ord I denne diktsamlinga for unge og galne skriv Hans Sande om dei store kjenslene. Her er både gapskratt og alvor, sprelske dikt om kroppar i forvandling og stillferdige dikt om lengt og einsemd. Han skriv sterkt og vilt om korleis det er å vere både størst og minst i verda, og om kor veik og uovervinneleg du er når du er seksten år og skikkeleg forelska. Ei diktsamling for alle som prøver å vekse opp.
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2009
Format Innbundet
ISBN13 9788205389977
EAN 9788205389977
Språk Nynorsk
Sider 106
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketFLØYTELÅT
Eg trudde mobiltelefonen fløyta
og sprang
for å nå deg
Men det var berre ein trast
som sto på repeat
HÆRVERK
Den første vinterdagen
på veg til skulen
knuste vi alle rutene vi kom over
Ingen vågde stoppe oss
Vi var dei verste ruteknusarane i landet
Å, madre mia
vi kunne ikkje stå imot knaselyden under føtene!
Vi kom til å knuse alle isruter på sølepyttane heilt
til verdas ende!
"NOTAT FRÅ HELSESØSTER"
Penisen hans er skeiv, truleg fordi han har sete attmed den fagraste jenta på skulen, i tre år, utan å seie eit ord
ORDSPEL
Ho kom frå Fitjar
som tyder "frodig eng ved vatn"
og eg studerte språk
så eg la meg naken
i den frodige enga hennar
og drakk meg utørst
SNABEL
Den unge elefanten klaga over at snabelen var for
kort
Du kan få låne min
sa fluga
Notat frå helsesøster Penisen hans er skeiv truleg fordi han har sete attmed den fagraste jenta på skulen i tre år utan å seie eit ord
Kor søt du er
kviskra eg
Det veit du ikkje før du har smakt
svara ho
Det var det siste ho sa
pæra
Det må vere ein feil
Du kjenner deg lurt
Men det kjem fleire blanke ark
Tomme dagar utan fargestiftar