Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Kvar dag ligg pappa i badekaret og blæs såpebobler. Han drøymer om å bli ein stor oppfinnar med masse pengar og indisk silkedress. I fjor prøvde han å finna opp firkanta såpebobler. men dei sprakk like før han fekk det til. No prøver han å finna ut korfor. Trur du pappa finn ut korfor? Dottera vil prøva å finna det ut, men i staden skjer noko heilt utruleg. Ho oppdagar korleis ho kan få katten til å flyga i lause lufta.
Omtale fra forlaget
Boka som ble tildelt Kulturdepartementets bildebokpris 2000. Ei vill og leikande forteljing omkring to naturlover: brødskiva landar alltid med smøret ned og katten landar alltid på føtene. Pappaen til Evreka er oppfinnar, og Evreka gjer eit utruleg forsøk som opphevar tyngdekrafta, katten Arkimedes kan flyge!Boka er leikande og lett, men handlar likevel om naturlover, om samspel og omsorg mellom menneske og dyr, og om konfliktar mellom far og dotter. Referansane til den klassiske Arkimedes i badekaret og oppdaginga hans er like luftige som resten av forteljinga, og kjennskap til denne historia er slett ikkje nødvendig for å ha glede av boka."Arkimedes og brødskiva" passar for ungar i alle aldrar, for her er sjonglering med humor og alvor, ein grenselaus leik med ord og bilde, og realistisk og kvardagsleg handling som brått glir over i det fantastiske.
Forlag Gyldendal Tiden
Utgivelsesår 2000
Format Innbundet
ISBN13 9788247805831
EAN 9788247805831
Språk Nynorsk
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Bildebokprisen 2000
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ikke veldig morsom, ikke særlig spennende. Ganske skuffende. Forventningene var høye, etter de andre bøkene om Arkimedes som er rasende festlige og herlig ville og gale.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket