2014
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Denne boka, som blei publisert I 1885, handlar om elefantjegeren og eventyraren Allan Quatermain som saman med Sir Henry Curtis og kaptein Good reiser nordover frå Durban i Sør-Afrika på leiting etter Curtis sin bror, som i sin tur to år tidlegare la ut på leiting etter kong Salomo sine gruver. Tilfeldigvis har Quatermain eit gamalt kart som skissemessig viser veg til gruvene. Den muntre og modige trioen kjem ut for mange eventyr på vegen, og det er ei flott historie Haggard har kokt saman.
Det er likevel viktig å hugse på kva tidsepoke denne boka var skrive i dersom ein skal glede seg fullt ut over historia. Til dømes er elefantjakt og gleden over å drepe dyra for støyttennene sin del rimeleg politisk ukorrekt i våre dagar. Menneskesynet i boka er heller ikkje heilt etter dagens standard, koloniherrane er framstilt som moralsk og intellektuelt overlegne dei innfødde. Likevel var nok Haggard ingen versting i samtida si på dette punktet; hovudpersonen Quatermain gjer det tidleg i boka klart at han tek avstand frå å kalle dei innfødde for «nigger», fleire av dei innfødde har helteroller i historia, og der er endåtil tilløp til romantikk mellom ein av engelskmennene og ei innfødd dame.
Boka reiknast av enkelte som den første i «tapt verden»-sjangeren, og den har inspirert fleire andre kjende bøker, som t.d. Arthur Conan Doyle sin, ja nettopp, Den tapte verden (The lost world). Hovudpersonen Allan Quatermain seiast også å ha tent som inspirasjon for filmhelten Indiana Jones, utan at eg kan påstå at fellestrekka er overveldande.
Eg høyrde denne som lydbok frå loyalbooks (gratis), og det var framifrå tidtrøyte på diverse køyreturar dei siste par vekene.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket... I am going to tell the strangest story that I remember. It may seem a queer thing to say, especially considering that there is no woman in it ...
There are two things in the world, as I have found out, which cannot be prevented: you cannot keep a Zulu from fighting, or a sailor from falling in love upon the slightest provocation!
Bøker eg har lest eller har leseklare i bokhylla der tittelen har konge, dronning eller andre adelege titlar i tittelen.
Popularitetsoversyn:
Konge: 9
Dronning: 2
Prins: 2
Fyrste: 1
Grevinne: 1
Keiser: 1
Lord: 1
Prinsesse: 1