2014
Forlag Companhia das Letras
Utgivelsesår 2014
Format Paperback
ISBN13 9788535924381
Språk Portuguese Brazilian
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Femordsomtale: Brasiliansk politisk satire med snert
Litt lengre omtale
Tittelen på boka tyder «historiens søppelbøtte», på norsk nyttar vi vel helst uttrykket «historiens skraphaug». Boka er eit teaterstykke, ei farse, skrive under militærdiktaturet i Brasil. Forfattaren Roberto Schwarz starta på stykket medan han gøymde seg for styresmaktene, og han gjekk seinare i eksil. Han er no pensjonert litteratur-professor i Brasil.
Stykket skal vere inspirert av «Fyrsten» av Machiavelli, og av Bertolt Brecht. Men først og fremst er det ei omskriving av Machado de Assis sin bok O alienista (Psykiateren). Assis sin bok handlar om psykiataren Bacamarte som i eit forsøk på å betre den allmenne mentale tilstanden i byen Itaguahy gjorde den om til eit skrekkregime. Schwartz såg mange parallellar mellom Assis sin ironsike historie og dei absurde tilstandane i Brasil under militærdiktaturet på 60-talet, og gjorde derfor Assis sin forteljing om til ei politisk farse.
Det er ikkje naudsynt å ha kjennskap til brasiliansk historie eller til Machado de Assis sin bok for å få utbytte av å lese teaterstykket. Der er mange gode poeng som kaller både på latteren og på ettertanken. Likevel trur eg nok at eg må lese «O alienista» ein gang i framtida for å sjå om der også var poeng eg gjekk glipp av.
Det er lenge sidan eg har lest teaterstykke. Eg fekk meirsmak av å lese dette, så det blir nok fleire med tida.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketTalar (kviskrande, men med tydeleg uttale) Borgarar av Itaguahy, vi er ikkje kakerlakkar! Kvifor gøymer vi oss? Kvifor held vi oss i avkrokane av vår eigen by?
Ivrig applaus, men knapt høyrbar
Ei røyst Død over Bacamarte!
Unisont Død over Bacamarte!
Dørklokka. Panikk. Ein gamling kjem inn, det er skomakaren
Dei øvrige (kryp fram frå gøymestadane, roper varsamt) -- Godt sagt! -- Veldig bra! -- Nettopp -- Vi er ikkje kakerlakkar! -- Vi er ikkje kakerlakkar!
Presten Gud eksisterer! Det er skremmande! Høyr her! (les) "Etter som studiane mine har gått framover, har eg kome fram til den konklusjonen av at mangelen på jamvekt i sinnstilstandane er normen, og dermed det vanlege, medan den perfekte jamvekta er eit særs uvanleg unntak og dermed eit avvik. Som konsekvens vil eg derfor sleppe ut alle som eg feilaktig har fått innlagt på Casa Verde. Vidare, som fylgje av den same konklusjonen, ber eg innstendig om at dei asvarlege borgarane av byen legg meg inn på det omtalte mentalsjukehuset." Signert Simão Bacamarte.
Brasilianske bøker eg har lest på originalspråket. Eg har prøvd å rangere etter kor flittig eg måtte bruke ordliste under lesinga, eller kor enkelt/vanskeleg eg ellers synest språket i boka var. Lettaste bøker øverst, vanskelegast til slutt.
Tanken bak lista er, i tillegg til at det er ein referanse for min eigen del, at dersom nokon andre skulle få lyst til å lese nokon av desse bøkene så kan ein på førehand danne seg ein ide om kor krevjande eller lett det kan vere språkmessig.
Eg har lagt ut teningkast som kommentar til bøkene i lista. Ved å klikke på den enkelte boka finn ein også bokomtaler for dei fleste av dei (det gjeng fram av kommentarane i lista kva for bøker som ikkje har omtale).