Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Femordsomtale: Brasiliansk politisk satire med snert

Litt lengre omtale
Tittelen på boka tyder «historiens søppelbøtte», på norsk nyttar vi vel helst uttrykket «historiens skraphaug». Boka er eit teaterstykke, ei farse, skrive under militærdiktaturet i Brasil. Forfattaren Roberto Schwarz starta på stykket medan han gøymde seg for styresmaktene, og han gjekk seinare i eksil. Han er no pensjonert litteratur-professor i Brasil.

Stykket skal vere inspirert av «Fyrsten» av Machiavelli, og av Bertolt Brecht. Men først og fremst er det ei omskriving av Machado de Assis sin bok O alienista (Psykiateren). Assis sin bok handlar om psykiataren Bacamarte som i eit forsøk på å betre den allmenne mentale tilstanden i byen Itaguahy gjorde den om til eit skrekkregime. Schwartz såg mange parallellar mellom Assis sin ironsike historie og dei absurde tilstandane i Brasil under militærdiktaturet på 60-talet, og gjorde derfor Assis sin forteljing om til ei politisk farse.

Det er ikkje naudsynt å ha kjennskap til brasiliansk historie eller til Machado de Assis sin bok for å få utbytte av å lese teaterstykket. Der er mange gode poeng som kaller både på latteren og på ettertanken. Likevel trur eg nok at eg må lese «O alienista» ein gang i framtida for å sjå om der også var poeng eg gjekk glipp av.

Det er lenge sidan eg har lest teaterstykke. Eg fekk meirsmak av å lese dette, så det blir nok fleire med tida.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

mgeRandiSraDevoralibrosTove Obrestad WøienDinaTine SundalKirsten LundCarine OlsrødReadninggirl30TanteMamieLilleviIvar SandGrete AastorpgretemorAlex NietoIngunn SHanne Kvernmo RyeBård StøreTonesen81PiippokattaDemeterVannflaskeBjørg RistvedtVanja SolemdalPirelliNikkaBjørg Marit TinholtEmil ChristiansenKjersti SAvaVibekeReidun SvensliPer Åge SerigstadBertyStig Tchrister hafsten thorsengHeidi LIngunnAmanda AKserina