2014
Forlag Leya
Format Paperback
ISBN13 9788562936067
Språk Portuguese
Sider 320
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Femordsomtale: Tittelen held det den lovar
Og den litt lengre omtalen:
«Guia Politicamente Incorreto Da Historia Do Brasil» kan omsetjast til «Politisk ukorrekt vegvisar til brasiliansk historie», og det er nettopp det denne boka er. Forfattaren tek for seg ulike tidsepoker, historiske hendingar og brasilianske nasjonalikon, og held vanleg skulebok-lærdom opp mot eit nyansert bilete basert på nyare forskning og fraværet av eit politisk korrektheit-filter. Eller ein kan kanskje heller hevde at filteret er satt på vranga.
Eksempelvis argumenterer forfattaren for at indianarane sitt levesett i større grad øydela urskogen enn det kolonistane sitt levesett gjorde, at slaveriet var meir nyansert enn den alminnelege «kvit rik godseigar piskar forsvarslause svarte»-framstillinga (mellom anna får ein vite at slavar som kjøpte seg fri gjerne sjølve vart slaveeigarar), at monarkiet egentlig ikkje var så verst, i alle fall når det gjaldt Dom Pedro II, og at militærdiktaturet av 1964 og framover hadde vært meir smertefritt dersom ikkje kommunistane hadde satt i verk terroraksjonar med mål å innføre sitt eige diktatur. Med andre ord argument som gjeng på tvers med alminnelege oppfatningar.
Det er ikkje tvil om at forfattaren har mange gode poeng. Eg hugsar sjølv overraskinga første gangen eg kom til Brasil, i 1993, og blei fortalt at det var ein brasilianar, Santos Dumont, som hadde funne opp flyet. Dette er enno vanleg (men forhåpentligvis ikkje einerådande enno) skulelærdom i Brasil. Dumont var rett nok tidleg ute med å lage eit fly, men vart slått med 3 år eller der omkring av Wright-brødrene. Narloch viser korleis behovet for nasjonalheltar gjorde at denne myta om Dumont som fly-oppfinnar kunne oppstå i Brasil.
Men angåande mange av de andre temaa som blir tatt opp så lyt ein som lesar hugse på at forfattaren her legg vinn på å vere så politisk ukorrekt som han kan, i alle fall så langt han har belegg for det etter kjeldene sine. Som regel landar han på beina, men enkelte argumentasjonsrekker fell i mine auger i fisk, som når han i diskusjonen om indianarane sin lagnad held fram at det etter oppdagingsreisene på 1400-1500 talet var mange fleire europearar som døydde av sjukdomar frå Amerika enn det var indianarar som døydde av sjukdomar dei fekk frå europearane. Det fell seg så naturleg å spørje; kven var det egentlig som oppsøkte kven?
Likevel, ein lyt slå fast at dette er både ei lærerik og morosam bok. For ein ikkje-brasilianar får ein mykje kunnskap om historia til landet, uansett kva for briller ein har på når ein les, og det er alltid artig å lagre gode poeng i minnet for framtidige diskusjonar.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDet er frå desse to familiene vi har fargane grønt og gult som kjenneteikn for Brasil. Grønfargen symboliserer Bragança, familien til Dom Pedro I, og gulfargen symboliserer Habsburg-ætta til prinsesse Leopoldina. Det er ein myte at bruken av desse fargane er inspirert av den brasilianske naturen.
Gode avisspaltistar bruker å kommentere trendar, vurdere hendingar, og gi lesarane innsyn i korleis framtida til landet vil arte seg. Graciliano Ramos var ikkje spesielt god til dette. Forfattaren til Vidas Secas hevda i 1921 i ein kronikk at fotball var ein flyktig mote som aldri ville slå an i Brasil.
Brasilianske bøker eg har lest på originalspråket. Eg har prøvd å rangere etter kor flittig eg måtte bruke ordliste under lesinga, eller kor enkelt/vanskeleg eg ellers synest språket i boka var. Lettaste bøker øverst, vanskelegast til slutt.
Tanken bak lista er, i tillegg til at det er ein referanse for min eigen del, at dersom nokon andre skulle få lyst til å lese nokon av desse bøkene så kan ein på førehand danne seg ein ide om kor krevjande eller lett det kan vere språkmessig.
Eg har lagt ut teningkast som kommentar til bøkene i lista. Ved å klikke på den enkelte boka finn ein også bokomtaler for dei fleste av dei (det gjeng fram av kommentarane i lista kva for bøker som ikkje har omtale).