Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Femordsomtale: Tittelen held det den lovar

Og den litt lengre omtalen:
«Guia Politicamente Incorreto Da Historia Do Brasil» kan omsetjast til «Politisk ukorrekt vegvisar til brasiliansk historie», og det er nettopp det denne boka er. Forfattaren tek for seg ulike tidsepoker, historiske hendingar og brasilianske nasjonalikon, og held vanleg skulebok-lærdom opp mot eit nyansert bilete basert på nyare forskning og fraværet av eit politisk korrektheit-filter. Eller ein kan kanskje heller hevde at filteret er satt på vranga.

Eksempelvis argumenterer forfattaren for at indianarane sitt levesett i større grad øydela urskogen enn det kolonistane sitt levesett gjorde, at slaveriet var meir nyansert enn den alminnelege «kvit rik godseigar piskar forsvarslause svarte»-framstillinga (mellom anna får ein vite at slavar som kjøpte seg fri gjerne sjølve vart slaveeigarar), at monarkiet egentlig ikkje var så verst, i alle fall når det gjaldt Dom Pedro II, og at militærdiktaturet av 1964 og framover hadde vært meir smertefritt dersom ikkje kommunistane hadde satt i verk terroraksjonar med mål å innføre sitt eige diktatur. Med andre ord argument som gjeng på tvers med alminnelege oppfatningar.

Det er ikkje tvil om at forfattaren har mange gode poeng. Eg hugsar sjølv overraskinga første gangen eg kom til Brasil, i 1993, og blei fortalt at det var ein brasilianar, Santos Dumont, som hadde funne opp flyet. Dette er enno vanleg (men forhåpentligvis ikkje einerådande enno) skulelærdom i Brasil. Dumont var rett nok tidleg ute med å lage eit fly, men vart slått med 3 år eller der omkring av Wright-brødrene. Narloch viser korleis behovet for nasjonalheltar gjorde at denne myta om Dumont som fly-oppfinnar kunne oppstå i Brasil.

Men angåande mange av de andre temaa som blir tatt opp så lyt ein som lesar hugse på at forfattaren her legg vinn på å vere så politisk ukorrekt som han kan, i alle fall så langt han har belegg for det etter kjeldene sine. Som regel landar han på beina, men enkelte argumentasjonsrekker fell i mine auger i fisk, som når han i diskusjonen om indianarane sin lagnad held fram at det etter oppdagingsreisene på 1400-1500 talet var mange fleire europearar som døydde av sjukdomar frå Amerika enn det var indianarar som døydde av sjukdomar dei fekk frå europearane. Det fell seg så naturleg å spørje; kven var det egentlig som oppsøkte kven?

Likevel, ein lyt slå fast at dette er både ei lærerik og morosam bok. For ein ikkje-brasilianar får ein mykje kunnskap om historia til landet, uansett kva for briller ein har på når ein les, og det er alltid artig å lagre gode poeng i minnet for framtidige diskusjonar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Ingvild STone SundlandStine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete AmundsenAnne-Stine Ruud HusevågKristina Jernstrøm LyseboritaolineKirsten LundCecilie MLailaHeleneEgil StangelandLene AndresenMorten MüllerGodemineHilde Vrangsagen