Klikk på en bok for å skrive en omtale.
Omfattande og muligens langtekkeleg bok om Russland, historien og kulturen. Men dessverre i ei så lang bok blir det ein del digresjonar og gjentakingar. Beste delen er siste delen frå tøværstida på 80talet og fram til vår tid, det vil sei boka kom ut i 2012. Håpar eg har lært noko, som forfattaren sjølv seier; Russland er eit mysterium. Ikkje så lett å forstå, men interessant.
Ei unik bok, som eg no har lest for andre gong. Gøy å bli kjent med det finske lynnet og kulturen, om enn satt litt på spissen. Skulle ikkje tru ei bok med eit slikt tema kunne bli feelgood! For det endar jo bra, trass alt. Hadde vært moro å sett denne som film ein gong.
Har denne boka, Tenzin Lakhpa "Farvel, Buddha "med meg som ferielektyre til Hellas og er snart utlest. Interessant og dramatisk livshistorie om ein tibetansk munk som søkte høgste opplysning og frelse hos Buddha og Dalai Lama, og fann trua på Jesus til slutt som gav meining og verdi for han som menneske og sjølve sanninga i den åndelege lengten.
Ikkje så mykje om Russland i seg sjølv, men meir om Johansens omgong med intelligensiaen og det kunstnarlege dissentermiljøet i Sovjet på 70talet. Men interessant nok for sæskild interesserte. Ein lærer litt om korleis regimet behandla dei som ikkje fulgte alle kommunistiske reglane, både skrivne og uskrivne. Samstundes får ein inntrykk av at Johansen som vestlig reporter levde i ei Moskva-boble avskåren frå vanlege russarar/sovjetbuare.
Det må finnast betre bøker om emnet. Ganske svulstig skrivestil med lange ledda setningar og litt traurig fokus gjorde boka langdryg å komma gjennom trass lovnaden om at den var kort. Går vidare på emnet Russland med nokre bøker av norske forfattarar. Stadig mykje å bli klok på om vår store nabo i aust. Kan dessverre ikkje anbefala denne boka som innføring i Russland som land og historie, les heller på Wikipedia eller Store Norske Leksikon.
Hegge er i boka ein dårleg pedagog men ein god pedant...Med det meiner eg at han av og til hoppar bukk over å gje utrrykk ein forklaring, berre kommenterer istaden og digresser. Kunne vore meir forklaring for våre nye landsmenn og unge
Eit must read, endå meir aktuell enn då den kom ut for snart 15 år sidan. Ali er ei bemerkelsesverdig kvinne, klok og erfaren og tilbyr konkrete grep ein kan gjera i eit samfunn for å motvirka agressiv islamistisk radikal påverkad. Ali erfarer også at radikal islam også har fått fotfeste i Amerika, der ho no bur grunna forfølgelse. Les og bli klok
Viktig bok om ein vil forstå den russiske propagandamaskina. Ingen lettvektar av ei bok, proppfull av informasjon og eksempler. Anbefales for dei som er interessert i Russlands aktive og aggressive hybridkrigføring på nett.
Tankevekkjande dystopi om personvernets opphør. Syns den var spennande og uhyggsam, ein pageturner. Ein solid 5'ar frå meg.
Bare søppel. grov vald, voldtekt og barnevoldtekt. Ikkje kast vekk tida di på denne
Var interessant og eg er glad for å ha lest ho, men vart litt repetitiv etter kvart. Vonar eg har vorte litt klokare...!
Koseleg feelgoodbok. Eit must read for katteelskarar! Sjeldan eg les sånn type lett-litteratur men denne kosar eg meg med.
Litt utdatert i forhold til fylkesinndeling. Sosialistisk vinkling på Norgeshistorien og ikkje eit ord om jødane som blei drept under krigen.
Meir spennande enn Fahrenheit 541. Men ikkje den beste dystopien eg har lest. Syns boka blei skjemma av ein god del anglisismer. Som om forfattaren har skrive originalmanuskriptet på engelsk og omsett til norsk.
Ellers syns eg slutten verka uferdig, som det skulle ha vært ein oppfølgjar eller to. Kva skjedde vidare med Marianne? Mia? Helene? Trådane bindes ikkje opp.
Til sist vil eg sei at eg er ueinig i "sluttkonklusjonen" til boka, at mennesket/menneskeheten er overflødig i naturen/verden/kosmos.
Hadde gleda meg til denne etter mykje non-fiction lesning. Og eg likar dystopi-sjangeren. Men denne var kjedeleg rett og slett. Den fenga ikkje og gav ikkje nok spenning. Boka hadde lange parti med belærande monologer som kunne vera litt...gjesp. På slutten av boka syns eg det kom seg når Montag/hovudpersonen kom seg bort frå det gjennomregulerte bysamfunnet. Kan samanliknast litt med å komma til himmelen? Den opne slutten gjer at eg vil tolka det som om desse menneska Montag kjem til ønskjer å gjenoppbygga sivilisasjonen med kultur(som motsetnad til underhaldning) sidan dei vender attende til den utbomba byen.
Etter å ha lest første og andre boka syns eg at det kjem seg betraktelig. Rørande passasjer som får tårene fram hos lesaren. Meir djupn i karakterane og meir visdom/meining frå forfattarens side. Fint å lesa om Sirius som går frå frykta skurk til elska alliert.
Den var interessant og lettlest. Sidene flaug avgarde…! Og ein lærer ein del om diagnostikk av alvorlege psykiske sjukdommar/tilstandar sett frå professjonelt og behandlarmessig ståstad. Forfattaren framstår som litt konservativ/gammaldags i sin "tone" i boka, men likevel sympatisk, kunnskapsrik og ein som veit kva han omtalar. Sjølvsagt er det risikobusiness å fjerndiagnostisera historiske personar i kultur, makt og politikk, men eg synest Retterstøl kjem frå det på ein måte som gjer at boka er grunnlagt på dagens psykiatriske system og vurderingar/oppdelingar. Alt i alt ei spennande bok!
Elsker den boka/romanen. Blei ganske bergtatt av den forteljinga, men eg har jo tross alt eit soft spot for dystopiar. Og denne dystopiske forteljinga er ei kjærleiks historie mykje meir enn ein yhyggsam og skrekkinngytande dystopisk scenario lik 1984 og/eller "Tjenerinnens beretning"(the Handmaids tale, Margareth Atwood). Det er ikkje Samfunnets gru som på ein måte bærer fortellinga om Cassia og forholdet hennar til Ky/Xander, men istor grad emosjonar som et menneske har i et normalt liv, som f.x. kjærleik, finna ut sanninga, finna sin plass i "systemet" , forholdet til familie, røtter, framtida, undertrykkelse, fridom, mange aktuelle aspekt for den tenkande lesaren. Me likey!
Jeg skulle ønske forfatteren kunne latt være å legge på leseren sine egne tolkninger og oppfatninger av Amalie og hennes tid og ting som påvirket henne. Han klarer ikke å la være å forme henne i sitt ....snevre? bilde. Mer show og mindre tell....;-)