Omtale fra forlaget
Brageprisvinnar 2013!
Store tema og opprivande hendingar blir behandla med overskot og eleganse, humor og djup innsikt i denne diktsamlinga.
Urd handlar om Seselja og Cecilie, to kvinner i kvar sin ende av det tjuande hundreåret. Boka fortel også historia om det vesle huset på garden i vest som knyter dei to skjebnane saman, om tida som renn gjennom landskapet og menneska, om barn som blir fødde og døden som vitjar.
I 2005 markerte Ruth Lillegraven seg som ei ny og frisk stemme i norsk litteratur med diktsamlinga Store stygge dikt. «Debutantdikt til terningkast seks», skreiv kritikarane. Hausten 2013 er ho tilbake med ei ny samling. Dette er dikt som få gjer etter henne, der store tema og opprivande hendingar blir behandla med overskot og eleganse, humor og djup innsikt.
Forlag Tiden
Utgivelsesår 2013
Format Heftet
ISBN13 9788210053023
EAN 9788210053023
Språk Nynorsk
Sider 117
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Brageprisen Skjønnlitteratur 2013 Bokbloggerprisen. Åpen klasse 2013
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Cecilie flyttar med familien sin til heimegarden, til eit hus som hennar namnesøster, Seselja, har budd i tidlegare. Igjen skriv Ruth Lillegraven ei forteljing i diktsform, eller snarare to, sidan det både er historia om Seseljas liv, og ei historie om Cecilies eige liv. Det uvande for ein lesar som ikkje er van med diktlesing, er dei korte linjene og diktforma. Elles er denne historia såpass fin og vakkert skriven at eg trur mange lesarar vil like henne.
En perle!
sidan, når ingen
kan sjå, skal eg gå
ned til naustet og
kle av meg
vasse uti
det blåsvarte
kjenne silke sval
leggje seg kring
kroppen, kle
meg i kjølig
kveldshud
og medan
regnet fyller
bygda og båten
og vatnet og
fjella og oss
held vi stengt
tel vi opp: så mykje
hadde vi, så mykje
har vi, så mykje
får vi
her er kje
synder eller sorg
her er kje gråt og
tåre, her er vi så
reine og fine, så
fulle i herlegdom
og æra
eg vrengjer
den målingflekka
huda over hovudet
hiv henne i det
høge graset
og himmelen
er ei myr
eit
tjern
utan
botn
ei
kvinne
som syr
gulletrådar
i huda
mi
ut kom de til slutt
med hud og hår og negler
og de likna slett ikkje meg, eg
skjøna ikkje kven de var eller kvar
de kom frå, det fekk meg berre til å elske
dykk endå meir, men ein dag, då eg sat der på
golvet, blant smokkar og bleier og tepper og leiker
og dyr i gult og grønt og raudt som spela gamle songar
om igjen, tok de begge tak i meg og reiste dykk opp, til
hovuda dykkar var på høgd med skuldra mi, de stod der
på kvar si side av meg, med høge stemmer og misnøgde
andlet byrja de å rope til meg, eg kjende pusten mot
halsen min, og brått visste eg kvar de kom
frå, brått visste eg kven de var
(...) og så kjenner eg igjen dette søkket, denne vissa
alt dette skal bli borte, alt dette skal ta slutt
seselja finst ikkje meir
seselja er berre støv under
stein, eit namn bak tapetet
to årstal i ætteboka
seselja var
her, mildt og lint
som vinden i graset
før regnet, som susinga
i lauvet som slepper
taket
seselja sydde seg
gjennom to verdskrigar
svartsaumen hennar finst på
kistebotnar over heile bygda
men seselja planta ingen skog
bygde ingen veg, reiste inga
løe, fødde ingen barn
likevel
høyrer vi
føtene hennar
over golvet
Kjernesamlingen er 100 utvalgte bøker innen skjønnlitteratur for voksne. Litterær kvalitet har stått sentralt i utvelgelsen, i tillegg ønsker vi å vise Bergen Offentlige Biblioteks identitet og egenart, og fremheve bredden av litteratur som finne på biblioteket. Derfor vil allerede kanoniserte verker stå side om side med tegneserier og krim. 100 bøker er svært få, så dette er ingen komplett kanon, men et utvalg av det beste biblioteket har å by på. Samlingen er valgt av oss som jobber på biblioteket, gjennom en demokratisk prosess med diktatoriske undertoner. For å få bredde i samlingen, har vi etterstrebet å ha representanter fra underkategoriene verdens kanon, norsk kanon, bergen og omegn, og i tillegg sjangrene poesi, skuespill, krim og spenning, fabelprosa og tegneserier.
"Kjernesamlingen er 100 utvalgte bøker innen skjønnlitteratur for voksne. Litterær kvalitet har stått sentralt i utvelgelsen, i tillegg ønsker vi å vise Bergen Offentlige Biblioteks identitet og egenart, og fremheve bredden av litteratur som finnes på biblioteket. Derfor vil allerede kanoniserte verker stå side om side med det beste innen tegneserier og krim. 100 bøker er svært få, så dette er ingen komplett kanon, men et utvalg av det beste biblioteket har å by på. Samlingen er valgt ut av oss som jobber her på biblioteket, gjennom en demokratisk prosess med diktatoriske islett. For å få bredde i samlingen, har vi etterstrebet å ha representanter fra underkategoriene verdens kanon, norsk kanon, bergen og omegn, og i tillegg sjangrene poesi, skuespill, krim og spenning, fabelprosa og tegneserier."
https://bergenbibliotek.no/inspirasjon/litteratur/til-kjernen/kjerneboker