Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 16 sitater

ut kom de til slutt
med hud og hår og negler
og de likna slett ikkje meg, eg
skjøna ikkje kven de var eller kvar
de kom frå, det fekk meg berre til å elske
dykk endå meir, men ein dag, då eg sat der på
golvet, blant smokkar og bleier og tepper og leiker
og dyr i gult og grønt og raudt som spela gamle songar
om igjen, tok de begge tak i meg og reiste dykk opp, til
hovuda dykkar var på høgd med skuldra mi, de stod der
på kvar si side av meg, med høge stemmer og misnøgde
andlet byrja de å rope til meg, eg kjende pusten mot
halsen min, og brått visste eg kvar de kom
frå, brått visste eg kven de var

Godt sagt! (4) Varsle Svar

veke 27:
blodårene på
magen og brysta
som eldgamle
blå greiner

denne brune
smale stripa
heile vegen
frå håra eg
ikkje lenger
ser, og opp til
mellomgolvet

ei loddrett
ekvatorline
mellom
dykk

og så desse
underjordiske
ristingane

bølgjene
når de bryt
dykk mot
overflata

som turnarar
som isbrytarar
som roterande
turbinar

om kvelden kjem
jordmødrene for
å lytte på dykk


galopperer
to små hjarte
bortover ei
hemmeleg
slette i eit
land ingen
kjenner

Godt sagt! (1) Varsle Svar

ved vindauget har
eg bordet og symaskina
ein stol til meg og ein til
dei som kjem, eg har seng
og kiste og eit skåp med
klede, eg har omn både
oppe og nede, eg har
utsikt til vatnet, eg
treng ikkje meir

og så er
det ho som ligg
i vindaugskarmen på
vadmålsteppe, med haka
på potane og mel så glad
lissipus heiter ho, kjetto
seier eg når det kjem
folk

no løftar ho haka og slikkar
handbaken min, tilsøvnen tek
henne, og hovudet, med fuktig
nase og kitlande verhår, legg seg
over potane, øyretippane framleis
vare for alle lydar utanfrå, som då
sjur i går svinga ljåen, lissipus låg
samankropen i sengemørkret
og øyra virra

men
singermaskina
og ho er dei beste
vener, dei mel
saman her i
glaset mitt

eg treng
ikkje meir

Godt sagt! (2) Varsle Svar

eg er
syster sorg

Godt sagt! (0) Varsle Svar

mor mi
steikjer kotelettar
til lapskausen, lagar
sundagslukt i huset

i morgon
skal ho tilbake
dit seseljas
hus er

mor dykkar
ligg bak blafrande
rullegardiner, med
ei dyne mellom
beina og
græt

mor dykkar
er eit havarert
cruiseskip
i sideleie
med ein
kujon til
kaptein

det er to
og ein halv
månad til
termin

mor dykkar
ynskjer dykk ut
og skammar
seg

Godt sagt! (1) Varsle Svar

bror min blir fødd
eg ser han gjennom
nykelholet, blodig
og fæl

eg går i skogen

Godt sagt! (2) Varsle Svar

(...) og så kjenner eg igjen dette søkket, denne vissa
alt dette skal bli borte, alt dette skal ta slutt

Godt sagt! (4) Varsle Svar

for dei
gamle er
som tigrar
og isbjørnar

umistelege

likevel
snart
borte

Godt sagt! (3) Varsle Svar

seselja finst ikkje meir
seselja er berre støv under
stein, eit namn bak tapetet
to årstal i ætteboka

seselja var
her, mildt og lint
som vinden i graset
før regnet, som susinga
i lauvet som slepper
taket

seselja sydde seg
gjennom to verdskrigar
svartsaumen hennar finst på
kistebotnar over heile bygda
men seselja planta ingen skog
bygde ingen veg, reiste inga
løe, fødde ingen barn

likevel
høyrer vi
føtene hennar
over golvet

Godt sagt! (3) Varsle Svar

sidan, når ingen
kan sjå, skal eg gå
ned til naustet og
kle av meg

vasse uti
det blåsvarte
kjenne silke sval
leggje seg kring
kroppen, kle
meg i kjølig
kveldshud

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Per Åge SerigstadIngunn SKirsten LundMads Leonard HolvikMarthe LandsemIris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit RgretemorAnn Christin