Omtale fra forlaget
Forlag Cappelen Damm
Utgivelsesår 2022
Format Lydfil
ISBN13 9788202743222
EAN 9788202743222
Språk Bokmål
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Sidan krimbøker har vore i sentrum hittil i sommar, tenkte eg at denne kunne vere eit godt avbrekk. Men - må innrømme at eg kjenner meg litt skuffa. Heller ikkje denne av Marianne Fredriksson er for meg den store leseopplevinga, dessverre! (Har lese hennar bok om Maria Magdalena tidlegare i år...)
Innhaldet, eller historia, er god; svenske Ingegerd, eller Inge - og chilenske Mira møtest tilfeldig hos gartnaren. Dei to middelaldrande kvinnene får god kontakt, og etterkvart utviklar det seg til gjensidig venskap. Begge er fråskilde og har vaksne barn. Venskapen får fram kjensler hos dei - og etterkvart kjem vonde opplevingar hos dei begge fram i dagen, opplevingar frå fortida. Tårer, mange tårer.....
Eg opplever skrivemåte, eller komposisjon, som springande og noko overflatisk. For meg vart det vanskeleg å bli engasjert i det som kunne ha vore ei svært god historie. Så derfor: terningkast 3
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket60 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket