Omtale fra forlaget
Ingenting set oss i betre julestemning enn julesongane! I Stille natt fortel Oddgeir Bruaset historia om korleis 23 av dei kjende og kjære julesongane våre er blitt til – songar og salmar vi lærte som born, og som vi vil gi vidare til våre eigne born og barneborn. «Det hev ei rose sprunge», «Det lyser i stille grender», «Happy Xmas» … i boka finn du alt frå songar som har blitt sungne sidan mellomalderen, til songar som er blitt til i vår eiga tid. I tillegg til alle historiene finn vi songtekstane, notar med besifring og ei mengd bilete. Dei fleste songane har vi sunge og høyrt år etter år så lenge vi kan hugse. Andre har blitt til i seinare tid, og likevel har dei raskt blitt folkeeige. Historiene bak songane har vore mindre kjende. Ikkje dess mindre er dei både fornøyelege og fascinerande. «Det er eit praktverk fylt av utsøkte tekstar og salmer og songar som me alle har eit forhold til. Boka er også velsigna med så vakre fotografi frå heile vårt langstrekte land at det er ei estetisk nyting berre å skumlese boka.» Setesdølen
Forlag Vigmostad Bjørke
Utgivelsesår 2020
Format Innbundet
ISBN13 9788241934056
EAN 9788241934056
Språk Nynorsk
Sider 287
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!