Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Dette er dei to siste bøkene i Ragnhild-trilogien, som startar med Medmenneske. I Ragnhild får vi hendingar ca 8 år seinere i tid, der Håkon, mylne-eigar og bonde på Stavsund, prøver å få livet sitt til å henge saman. Kona Ragnhild har vært på tukthus, og har ikkje kome heim etter at ho slapp ut. Han får på sett og vis hjelp av den smått uansvarlege broren Johannes, men kjem også i økonomiske vanskar på grunn av han. Og så er det mangelen på kvinnfolk i huset, då, han tvikar fælt mellom ulike scenaria for å betre på stoda. Til slutt er det gamlemor i huset, Tale, som tek tak for å få orden på ting.
I den neste boka, Siste leveåre er vi enno nokre år framover i tid. Håkon kjenner seg utstøytt av bygdefolket, han er stendig i økonomiske vanskar, og prosjekta hans for å sikre større inntekt har ein lei tendens til å gå ad undas. Når han i tillegg er blitt dårleg og reiknar med å ha berre eit år att å leve gjeng han inn i ei slags krise. Mest av alt fryktar han å bli lik far sin, som var ein beregnande intrigemakar.
Eg likte Ragnhild klart best av desse to bøkene. Spesielt Tale gjorde etter kvart eit sterkt inntrykk. Men som med nesten alle Duun-bøkene eg har lest hittil så slit eg med å forstå personane i desse to bøkene, kva som driv dei til å handle slik som dei gjer. Det er tydeleg at vekta av ting som har hendt før, samt kva ein trur bygdefolket vil tru, er vesentleg i så måte. På sett og vis kan ein seie at bøkene handlar om skamma over ikkje å leve opp til forventningar. Likevel klarer eg ikkje alltid å henge med på kvifor ting skal bli så umogleg, spesielt i Håkon sine auge.
Når det er sagt, så likar eg betre at der er ting eg ikkje heilt forstår i bøkene eg les enn at alt blir forklart i den minste detalj. Det er berre sunt å undre seg litt undervegs. Men aller best likar eg det når undringa leier til aha-opplevingar, og det skjedde litt for sjelden i desse bøkene.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketMenneske er ingen meister til å leva, slo han fast. Det har aldri havt stunder til å lære den konsten.
Tale tykte ho laut sette seg beint ned der ho stod. Men ho tok seg mannskap for og såg bortetter kirkegaren deira:
Nei sjå kor dei har døydd her òg, døydd og døydd. Ein heil tusterskog med gravkors og merke. Å ja, menneske, du døyr da flittig nok, men korles har du levd?
Det kom for Håkon somme gonger, at denne gutknekten var oppfunnen av ein fiendsmann, til et pek for foreldra sine. Men i same stunda tykte han òg, at han var skapt av Gud sjøl i ei ledig stund, det fall seg slik, - så kunde dei sjå kva der vart av han.
Lea ja, tenkte Håkon. Ja visst er ho ærlig. Ho lyg mest alt ho seier, så ærlig er ho. Ho ét seg tvert i gjennom sanninga og ut på andre sida: Ho vil snakke sant !
Då mor mi skulle flytte over i eit mindre husvære, fekk ho brått ikkje plass til så mange av bøkene sine lenger. Snill som ho er så lot ho etterkomarane forsyne seg med det dei hadde lyst på. Sjølv om vi var fleire som ville ha så var det likevel eit rikhaldig skattkammer å plukke frå.
Dette er det eg sanka med meg.
Takk, kjære mor.
Jeg bare elsker loppemarkeder. Spesielt når jeg kan komme en time før stengetid på en søndag og bare fråtse i bøker til en slikk og ingenting, det vil si 6 kroner pr. bok. Kvaliteten på bøkene overrasker meg hver gang, veldig mange av de ser ikke ut til å være leste. Så får jeg bare håpe at jeg får lest de etter hvert. Nesten halvparten av de har jeg hatt på ønskelisten min.
Så lørdag og søndag har jeg vært inne i det vi kansje kan kalle en salig "bokrus." Deilig.