Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Dette er dei to siste bøkene i Ragnhild-trilogien, som startar med Medmenneske. I Ragnhild får vi hendingar ca 8 år seinere i tid, der Håkon, mylne-eigar og bonde på Stavsund, prøver å få livet sitt til å henge saman. Kona Ragnhild har vært på tukthus, og har ikkje kome heim etter at ho slapp ut. Han får på sett og vis hjelp av den smått uansvarlege broren Johannes, men kjem også i økonomiske vanskar på grunn av han. Og så er det mangelen på kvinnfolk i huset, då, han tvikar fælt mellom ulike scenaria for å betre på stoda. Til slutt er det gamlemor i huset, Tale, som tek tak for å få orden på ting.

I den neste boka, Siste leveåre er vi enno nokre år framover i tid. Håkon kjenner seg utstøytt av bygdefolket, han er stendig i økonomiske vanskar, og prosjekta hans for å sikre større inntekt har ein lei tendens til å gå ad undas. Når han i tillegg er blitt dårleg og reiknar med å ha berre eit år att å leve gjeng han inn i ei slags krise. Mest av alt fryktar han å bli lik far sin, som var ein beregnande intrigemakar.

Eg likte Ragnhild klart best av desse to bøkene. Spesielt Tale gjorde etter kvart eit sterkt inntrykk. Men som med nesten alle Duun-bøkene eg har lest hittil så slit eg med å forstå personane i desse to bøkene, kva som driv dei til å handle slik som dei gjer. Det er tydeleg at vekta av ting som har hendt før, samt kva ein trur bygdefolket vil tru, er vesentleg i så måte. På sett og vis kan ein seie at bøkene handlar om skamma over ikkje å leve opp til forventningar. Likevel klarer eg ikkje alltid å henge med på kvifor ting skal bli så umogleg, spesielt i Håkon sine auge.

Når det er sagt, så likar eg betre at der er ting eg ikkje heilt forstår i bøkene eg les enn at alt blir forklart i den minste detalj. Det er berre sunt å undre seg litt undervegs. Men aller best likar eg det når undringa leier til aha-opplevingar, og det skjedde litt for sjelden i desse bøkene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandHarald KLinda NyrudPi_MesonStig TAneSynnøve H HoelMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone SundlandJon Torger Hetland SalteAlice NordliIngvild SMonica CarlsenChristoffer Smedaas