Omtale fra forlaget
I prosa frå ein oppvekst teiknar Jon Fosse eit bilete av Strandebarm og landskapet han kjem frå, med fjord og fjell, småbruk og sauer, bedehus og ungdomshus. Fosse fortel om alt det gode i barndommen, besteforeldre, hyttebygging og raspeballar, men også om det vonde, å oppdage at døden finst. Boka handlar også om ungdomstid med røyking, drikking, klining, gitarspeling og skriving.
Jon Fosse har sjølv karakterisert Prosa frå ein oppvekst som «ei lukkeleg bok», men sannferdig vart det ikkje, også denne boka er «løgn og forbanna dikt».
Frå grunngjevinga til Svenska Akademien for tildelinga av Nobels litteraturpris til Jon Fosse:
«Nobelpriset i litteratur år 2023 tilldelas den norska författaren Jon Fosse, 'för hans nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara'.»
«Det finns en djup värme och naiv blottställdhet i hans avskalade bilder av mänsklig erfarenhet.»
Anders Olsson, leiar i Nobelkomiteen i Svenska Akademien
Om Prosa frå ein oppvekst:
«Ambisiøs og vellykka»
Øyvind Berg, Klassekampen
«Prosa frå ein oppvekst er en upretensiøs og sjarmerende liten bok.»
Terje Eidsvåg, Adresseavisen
«Prosa frå ein oppvekst inneheld språklege avskrellingar til det heilt enkle står att med sine gåter.»
Knut Ødegård, Aftenposten
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2023
Format E-bok
ISBN13 9788234012716
EAN 9788234012716
Serie Nobel-serien
Språk Nynorsk
Sider 70
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Dette er eit knippe minne frå ei barndoms- og ungdomstid. Små forteljingar, eller rett og slett berre stemningsbilete. Det lengste stykket er på drygt 2 sider, det kortaste er på 2 linjer.
Oppveksten har vært i landlege omgjevnadar. Fosse er nokre år eldre enn eg sjølv er, men ikkje meir enn at eg kjenner meg godt att i skildringane. Eg-personen i boka fortel om hendingar saman med venar, familie, om å gå på dans, og om å flytte ut for å gå på skule. Stort sett heilt daglegdagse og udramatiske minne. Han fortel også om den litt skumle Asle, outsideren, langhåra, som spelar gitar og drikk seg umåteleg full. Det gjekk faktisk ei stund før eg forstod kven Asle er.
Kort og god bok. Nesten litt flyktig. Om lag som eit barndomsminne.
Nokre av tekstane er skrivne i første person, i andre handlar det om Asle. Fleire av desse korte tekstane kjem att i seinare verk, som til dømes i Septologien.
Ein dag faren kjeftar på han, går han i vedskjulet og hentar den største øksa, han ber den inn i stova, set den frå seg attmed farens stol, og så ber han far sin om å drepe seg. Faren blir som ventande kan vere berre endå sintare.
Etter å ha gått på dans i forskjellige ungdomshus i nokre år og stort sett dansa åleine, fann eg ein gong ut, det må ha vore seint på kvelden, og einkvan må nok ha gitt meg tilstrekkeleg å drikke, at eg skulle be ei jente opp til dans.
34 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket