Omtale fra forlaget
Skarpt om alderdom og verdigheit.
Mali Fredrikke Sjursen er 79 år gammal. Til no har ho budd heime, men då helsa skrantar, kjem ho på avlastning på sjukeheimen. Der byrjar ho å gruble over tilfeldigheitene som styrer eit liv, det som blir noko av, det som ikkje blir noko av, og alt som blir halde skjult. Kan Mali bli forsona med sonen Thomas, det einaste barnet ho fekk? Kva med den avdøde søstera Jenny, som er den einaste grunnen til at ho sjølv blei fødd?
Med eit presist språk og tette, morosame dialogar viser Holvik korleis livet kan arte seg mot slutten, når ein tenkjer skarpt og klart, men likevel er heilt avhengig av andre for å halde det gåande. Det handlar om alt ein brenn inne med og alt ein skyv frå seg, heilt til det siste.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2017
Format Innbundet
ISBN13 9788252184679
EAN 9788252184679
Språk Nynorsk
Sider 202
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketOg eg skal seie det var tett luft her, seier Anton. Han går bort til vindauget og opnar det.
Magda er redd for at eg skal få trekk på meg, seier eg. Eller det som verre er, gjennomtrekk.
Skjønnlitteratur som hovedsakelig handler om alderdommen.
Kom gjerne med tips!