Omtale fra forlaget
Kva er det med Sigvart Dagsland som gjer han til ein av dei mest folkekjære artistane i Noreg? Dette prøver Olaug Nilsen å finne ut av, og gjer det på ein original måte i denne første portrettboka om artisten. Vi følgjer han frå fødselen til i dag og er innom kjendisstatus, musikk, kjærleik og mykje anna - men særleg med fokus på kristentrua hans. Gjennom 15 år i bransjen, gullplater og Spellemannpris har han samarbeidd med svært mange musikarar og ulike produsentar. Dette er boka om ein stor artist som er i stand til å tenkje sjølv, og som til og med skaper kontroversar. Olaug Nilssen er ein røynd forfattar, har vore tidsskriftredaktør i Kraftsentrum og er leiar ved Skrivekunstakademiet i Bergen. Ho er oppvaksen med TenSing og er Sigvart-fan.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2009
Format Innbundet
ISBN13 9788252173154
EAN 9788252173154
Omtalt person Sigvart Dagsland
Språk Nynorsk
Sider 271
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDet er ikkje så uvanleg at ikkje-kristne har strengare krav til kva kristne skal tru på, enn det kristne sjølve har[...]