Omtale fra forlaget
Eve Babitz si bok Late dagar, ville netter kom ut første gongen i 1977. Her møter vi ei kvinne med gnistrande livsappetitt og fortreffeleg observasjonsevne. Gjennom ti kapittel følgjer vi dragnaden hennar mot reiser, rus, californiske solnedgangar og ei mengde ulike folk. Vi treffer forfattarar, druedyrkarar, basketballspelarar og sosietetsfolk, filmstjerner som er fortvila over eigen suksess og italienske femmes fatales meir fatale enn Babitz sjølv. Ingen av Eve Babitz (1943–2021) sine bøker frå 1970- og 1980-talet slo gjennom då dei kom ut. Dei havna i skuggen av imaget hennar som it-jente, og temaa ho skreiv om – Los Angeles, skjønnheit, sex – blei avfeia som overflatiske. På 2010-talet har ho derimot blitt feira for den sanselege og viltre stilen sin. Late dagar, ville netter er ein moderne klassikar i grenselandet mellom fakta og fiksjon – ei feiring av byen Los Angeles og av overskridande liv.
Forlag Cappelen Damm
Utgivelsesår 2022
Format Innbundet
ISBN13 9788202716301
EAN 9788202716301
Serie Oversette mesterverk
Genre Biografisk litteratur
Omtalt tid 1970-1979 1960-1969
Språk Nynorsk
Sider 189
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketSpenninga i baseball kjem i spurtar innimellom lange venteperiodar der folk kan tenkje på andre ting, ein rytme som liknar livet sjølv.
Ho og Shawn sladra om folk dei hadde kjent som hadde døydd i ulukker. Eg kjende ingen slike. Alle vennane mine døydde med vilje.
Serien Oversette mesterverk er gjenoppdagede klassikere. Det bøkene har til felles, er at de av ulike årsaker aldri har blitt oversatt til norsk, før nå. Selv om det er gått 30, 50 eller 80 år siden de ble skrevet, har de beholdt kraften til å forføre oss, speile våre liv og lære oss noe vesentlig.