Omtale fra forlaget
Arendal, 1885. Hamna er full av seglskuter. Damaskdukane ligg nystiva på borda. Borgarskapen gler seg til det årlege maskeradeballet. Byens kronprins Axel Herlofson har bygd eit imperium som banksjef, reiar og handelsmann. Han sjarmerer høg og låg, og er heile byens veg til velstand. Bankens unge revisor Thomas Berntzen er også under Herlofsons venger. Han finn stadig fleire feil i tala til banken, og det verkar som banksjefen prøver å skjule noko. Den einaste han kan dele uroa si med, er den mystiske Agnes, som driv kjolesalongen La Dentellière i Arendal. Så byrjar den unge journalisten Even å stille spørsmål, og med eitt står heile framtida til byen på spel. Gamle ideal fell for nye idear. Dei beste familiane viser seg å vere dei verste, og ingen veit sanninga om kvarandre. Krakk er ein storslått roman om kjærleik og svik, basert på den verkelege historia om landets største banksvindel.
Forlag Aschehoug
Utgivelsesår 2025
Format Innbundet
ISBN13 9788203455445
EAN 9788203455445
Omtalt tid 1850-1899
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket