Omtale fra forlaget
Arne Garborg rekna Haugtussa som ei av sine viktigaste bøker. Han skreiv med overskot og med eit ømt blikk bakover til barndommens Jæren. Det store diktverket er på same tid ein danningsroman på vers og eit romantisk og naturnært bilete av ei ung jente. Boka handlar om prosessen der Veslemøy skal forstå kjærleiken sitt vesen - ikkje berre forelsking, men også omsorg, varme og vennskap. Haugtussa vekkjer songen i alle som les ho. Ein imponert Grieg skreiv begeistra til ein ven: «Det er en helt genial bok, hvor musikken allerede er komponert. Man behøver kun at skrive den ned.»
Forlag Vigmostad Bjørke
Utgivelsesår 2013
Format E-bok
ISBN13 9788241909375
EAN 9788241909375
Serie Norske klassikarar
Språk Nynorsk
Sider 182
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Femordsomtale: Fin historie fortalt på rim
For den som ynskjer å lese litt fleire ord:
Garborg fortel her historia om ungjenta Gislaug, alias Veslemøy, alias Haugtussa, ei fattig gjetarjente på Jæren. Som gjetarjenter flest så er ho ute saman med buskapen store delar av sommarhalvåret, og det var vel heller ikkje uvanleg at gjeterjenter fekk vitjing av kjekke gutar som dei forelska seg i. Det var heller ikkje uvanleg at kjærleiken tek slutt, og at minst den eine av partene blir djupt vonbroten over det. Det ein må tru var litt meir uvanleg var at Gislaug er synsk, og ser både avlidne, haugfolk, troll og stort sett alt ein kan tenke seg av overnaturlege skapningar. Ikkje berre ser ho dei, men ho er tidvis saman med dei.
Forteljinga er på rim, i form av 71 dikt, som ber fram historia kronologisk. Mange av dikta er nydelege naturskildringar, andre tek for seg Gislaug sine indre kampar, og atter andre er nærmast burleske framstillingar av dei overjordiske sitt liv. Språket opplevast som noko gamalmodig, ikkje uventa sidan teksta er nær 120 år gamal, og inneheld mange ord og vendingar som kan opplevast som krevjande. Men dette kompenserast i fullt monn av ein framifrå flyt i verselinjene, der først og fremst bokstavrima er med på å løfte dikta.
Mitt eksemplar av boka er illsutrert med maleri av Håkon Bleken. Det å beundre desse maleria og korleis Bleken gjennom dei tolkar teksta gjorde lesinga til ei høgtidsstund.
Eg las denne som ein del av kjell k sin lesesirkel i mai/juni 2014, og vil takke dei andre deltakarane for mange gode kommentarar undervegs.
Eg kjenner deg, – eg kjenner deg
som ikkje vann! –
Eg saag din Strid, eg veit din Veg
i Skugge-Land.
Eg røynde sjølv den striden stygg
i mange Aar
med ville Mot, med bøygde Rygg
med svære Saar.
Du um meg sviv, du hjå meg sit
du arme Aand!
I meg du enno riv og slit
i dine Baand.
Eg veit det væl; dei sterke Troll
den Vilje rik.
Ein Baat i Foss, eit Kvad i Moll
sløkkt i eit Skrik.
Arne Garborg
Det kveldar um haust yver låge land.
Eit havbrak vaknar ved nordan-strand.
Blåkalde skyer kviler i vest.
Dagens auga sloknar og brest.
Myrane søv under tåke-feld.
Å-sus varslar i stille kveld.
Trolldom lurer i jordslags eim; -
Veslemøy hastar med smalen heim.
«Å heller vil eg
med augo sjå,
enn dauv og blind
gjenom verdi gå
og ikkje det sanne skilja!»
Som Fuglen, saara under varme Veng so Blodet tippar lik den heite Taara, ho dreg seg sjuk og skjelvande i Seng og vrid seg Natti lang i Graaten saare. Det slit i Hjarta og det brenn paa Kinn. No maa ho døy; ho miste Guten sin.
Den galne guten min hug hev dåra;
eg fanga sit som ein fugl i snòra;
den galne guten, han gjeng so baus;
han veit at fuglen vil aldri laus.
Å gjev du batt meg med bast og bende;
å gjev du batt meg so bandi brende!
Å gjev du drog meg so fast til deg,
at heile verda kom burt for meg!
Ja kunde rett eg mi runelekse,
eg vilde inn i den guten vekse;
eg vilde vekse meg i deg inn,
og vera berre hjå guten min.
276 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verketEtter å ha lest Kaoshjerte av Lise Grimnes og Hulder av Tonje Tornes er jeg på vei inn i en tilstand av besettelse av huldrer generelt, og lager derfor en liste med skjønnlitteratur hvor dette mytiske vesenet i større eller mindre grad spiller en rolle.
Hjelp meg gjerne med å fylle på flere titler! Har skuffende få hittil.