Omtale fra forlaget
2003. Torjus Knudsen er på reise med sonen sin til USA. Tord skal delta på 140-årsmarkeringa for slaget ved Chickamauga, der tippoldefaren hans slost. Faren forstår lite av sonens interesse for fortida. Sjølv veit han at reisa vil kunne føre han tilbake til dottera han fekk med ei anna kvinne, og det før det er for seint. 2036. Det er første gong Chloe er i Noreg. Saman med mor si, Susan, er ho på veg til gravferda til Torjus Knudsen i Bergen. Torjus er morfaren hennar, men ho har berre treft han ein gong. Susan ønskjer å gjere rekneskap med fortida, men først må gamle løyndomar fram. Ei verd utan hestar spenner eit stort lerret. Romanen beveger seg frå den amerikanske borgarkrigen via atomsprengingane i Nevada-ørkenen, til ei verd i nær framtid der også naturen er ei annan. Det er ein roman om historia, og korleis vi forstår ho, både bakover og framover i tid. Men det er òg ei forteljing om tida sjølv, og korleis vi må førestille oss denne, med og utan menneska
Forlag Tiden
Utgivelsesår 2022
Format Innbundet
ISBN13 9788210058684
EAN 9788210058684
Omtalt tid 1900-tallet 1850-1899 2000-2049
Språk Nynorsk
Sider 303
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Boken beskriver relasjoner på tvers av generasjoner og kontinenter. Hva vet vi om de som levde før oss, om mødrene og fedrene våre. Godt skrevet. Anbefales.