Omtale fra forlaget
Nokre menneske velå leve livet sitt på svært uvanlege stader, langt fra sivilisasjonen. Det kan vere på ei fjellhylle, ute i havgapet, på ei veglaus strand eller i ei villmarksgrend. Dei søkjer roa og freden, dei vil skru ned tempoet og bu i nærkontakt med naturen. Gjennom mange år har Oddgeir Bruaset lagt ut på tur for å vitje desse menneska. Resultatet har vi sett på TV og i bøker - begge delar store suksessar. Bruaset og fotograf Tor Sivertstøl viser oss stadene, husa og naturen. Hovudpersonane får sleppe til i full monn, forfattaren let dei fortelje fritt om fortida si, om kvardagslivet, om vala dei har gjort, og om tankane og draumane sine. Å bli kjend med desse staute og spennande personane og staden dei bur på, og å bli teken med på denne ferda av ein forfattar med ei heilt unik formidlingsevne, gjev store og sterke lesaropplevingar. Den tredje boka basert på NRK-serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" omtalar i tekst og bilete 12 stader i Noreg - frå innlandet, fjellet og kysten - stader Bruaset og fotografen har vitja dei siste tre åra. Alle landsdelar er dekte. Her får lesaren meir utfyllande og annleis historier om staden og menneska enn det som kjem fram i eit halvtimes TV-program. Lengst bak i boka gjev Oddgeir Bruaset eit tilbakeblikk på alle dei 60 stadene NRK har synt sidan prosjektet byrja i 2002. Kva har hendt sidan sist, og korleis har det gått med menneska forfattaren møtte der? Denne boka har større skrift som gjer det betre å lese og kart med kortfatta opplysning om kvar vi er, kven som bur der, og kva dei driv med.
Forlag Aschehoug
Utgivelsesår 2012
Format Innbundet
ISBN13 9788203239151
EAN 9788203239151
Språk Nynorsk
Sider 239
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket