Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Dette er forfatterens første diktsamling.
Omtale fra forlaget
Dikta i "Bilydar" fortel ei kjærleikshistorie som rommar fleire kjærleikar, fleire kroppar. Dei er merka på kvart sitt vis, og dei er i trefningar på mange slags plassar - like gjerne ei lauvhytte som ein benk som ein hardcorekonsert. Den gjensidige utforskinga som tek til når to menneske rører ved kvarandre, blir til eit stort landskap. Dei klangfulle og spørjande dikta til Marianne Clementine ligg tett opp til musikken.
Forlag Oktober
Utgivelsesår 2012
Format Heftet
ISBN13 9788249509270
EAN 9788249509270
Språk Nynorsk
Sider 60
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketvi oppdagar
dei mjuke stadene
på kroppen
der vi framleis er
fuglar som framleis er
dinosaurar
slik er vi milliardar av år gamle
og kan snakke om
meteornedslag
om stille
og nye livsformer
eg skuldar på dei siste
tause månadene
men det er noko meir
eg har ein fugleflokk i
fingertuppane
brølande varm munn
og eit røvardotterbehov
for å springe berrføtt
inn i skogen
og angripe frå alle kantar
språket mitt har blitt for lite
for det kjærleiksdiktet
eg treng å skrive
eg treng å skrive deg i senk
men minnet om deg
har vakse seg like stort som
heile bygningar
og alle gater
eg har mist deg i
eg held meg fast
i vaskeservanten
blør tomrom
pusterom
freistar fortelje
kvar varmen
har blitt av
men blir distrahert
av lovnadene
du auser over meg
heng fast i deg
med gløymske hender
arra dine
får meg til å elske
dei kvite frakkane
som opna deg
då du enno var liten gut
fjerna, rydda
og sydde deg saman
til dette vindskeive
du berre viser fram
under dyna
Jeg leste 245 bøker i 2014.
Her er mine 43 favoritter blant dem.
Rangeringen er tilfeldig, etter når de ble lest.