Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 10 sitater

du reiser deg som
arkitektur
i rommet

med reine linjer
brotne opp
av arr

Godt sagt! (1) Varsle Svar

vi slipar hoftekammane
mot einannan
til vi vert våpen

rivnar i munnvikane
hektar andleta saman
med sigarettsting

eg lovar at
denne gongen
er det for alltid

Godt sagt! (0) Varsle Svar

eg skuldar på dei siste
tause månadene
men det er noko meir
eg har ein fugleflokk i
fingertuppane
brølande varm munn
og eit røvardotterbehov
for å springe berrføtt
inn i skogen
og angripe frå alle kantar

Godt sagt! (4) Varsle Svar

berre så du veit det:

dersom hjartet ditt var eit rom
skulle eg gå inn med sko på

markert på det flett nye golvteppet
og knust noko fint

Godt sagt! (2) Varsle Svar

eg studerer huda di
i løynd
når du søv

kjenner på ei fordjuping
der barnekroppen din
møtte ein stein
i 1991

på eit arr
du fekk då du var 14
og balanserte full i høgda
for første gong

eg stryk fingrane over alle feila dine
men har mist evna til å tenkje
at dei er feil

Godt sagt! (2) Varsle Svar

arra dine
får meg til å elske
dei kvite frakkane
som opna deg
då du enno var liten gut

fjerna, rydda

og sydde deg saman
til dette vindskeive
du berre viser fram
under dyna

Godt sagt! (3) Varsle Svar

eg går meg vill
langs konturane dine

du er det diktet
det aldri vert noko av

Godt sagt! (2) Varsle Svar

eg held meg fast
i vaskeservanten
blør tomrom
pusterom

freistar fortelje
kvar varmen
har blitt av

men blir distrahert
av lovnadene
du auser over meg

heng fast i deg
med gløymske hender

Godt sagt! (3) Varsle Svar

språket mitt har blitt for lite
for det kjærleiksdiktet
eg treng å skrive

eg treng å skrive deg i senk
men minnet om deg
har vakse seg like stort som

heile bygningar
og alle gater
eg har mist deg i

Godt sagt! (3) Varsle Svar

vi oppdagar
dei mjuke stadene
på kroppen

der vi framleis er
fuglar som framleis er
dinosaurar

slik er vi milliardar av år gamle

og kan snakke om
meteornedslag
om stille
og nye livsformer

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Berit B LieKirsten LundGunillaRisRosOgKlagingHanne Kvernmo RyemgeIngunn SLilleviTurid KjendliePiippokattaStig TPirelliAnne-Stine Ruud HusevågTine SundalLailaMarteAmanda ATanteMamieElinBeReadninggirl30FarfalleEllen E. MartolJulie StensethBeathe SolbergMonica CarlsenRandiAHege H.siljehusmorTheaflaTore HalsaTone SundlandConnieOda Marie HMarianne  SkageBjørg L.Daffy EnglundalpakkaMads Leonard HolvikAstrid Terese Bjorland Skjeggerud