Båten om kvelden

av (forfatter).

Gyldendal 2011 E-bok

Gjennomsnittlig terningkast: 5.10 (10 terningkast.)

63 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Båten om kvelden (1968) vart Tarjei Vesaas' siste prosabok. Den er kanskje også hans rikaste og tvillaust den mest personlege. Boka sprengjer grensene for den vanlege romanforma, og har innslag av lyrikk og av novellistiske bilete frå hans eiga minneverd. Boka kan lesast på mange måtar, mellom anna som ein gripande indre sjølbiografi. Aldri har Vesaas i prosa kome nærare inn mot det uutseielege.«Båten om kvelden er ein av dei aller største lesaropplevingane eg har hatt . Han nådde djupare etter kvart og i dei siste bøkene er han forløyst som kunstnar. Dei siste bøkene er mest spennande. Som kunstnar må ein finna sitt eige tyngdepunkt, ein må finna seg sjølv. Vesaas klarte det.» Lars Amund Vaage til Dag og Tid«Ingen har skrevet så sanselig. Mange av tekstene er så intense, så sensuelle. En student sa han syntes teksten vibrerer og jeg ble nesten slått til bakken av denne beskrivelsen, for det var det samme jeg hadde følt. Det er nesten erotisk, ja helt ekstremt rått.» Kjell Inge Skjerdingstad om Båten om kvelden til Dagsavisen\u000b

Bokdetaljer

Forlag Gyldendal

Utgivelsesår 2011

Format E-bok

ISBN13 9788205413610

EAN 9788205413610

Genre Personlige beretninger Klassisk litteratur

Språk Nynorsk

Sider 208

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

4 3 3 0 0 0

Bokomtaler

Denne boka leste jeg første gang for nesten 30 år siden. Jeg studerte norsk på DH i Volda. I mitt den gang unge leseliv var det en av mine største leseropplevelser... Det var sterkt å åpne boka og lese den igjen, jeg kom til det samme sitatet som satte seg fast for alltid: «Mest ingen ting treng seiast når ein har auge, og når ein har sin eigen song.» Men hvordan skrive om denne boka?? Den er så annerledes enn alt annet jeg har lest- fortsatt. Den er så sammensatt og gjennompoetisk at det føles som jeg bare har skrapt litt på overflaten nå når jeg har lest den ferdig. Vesaas skriver om seg selv her, først og sist om det å dikte, det å være i bildene, i alt det som ikke blir sagt. Gjennom sterke og sanselige bilder av naturen, han skriver om elv, stein, snø, berg... Og om traner som danser på myra. Jeg føler jeg har sittet og lyttet til en vill og mektig symfoni som til tider har vært utilgjengelig, men som samtidig har rørt meg, åpnet opp noen rom i hodet jeg ikke har vært i på en stund. Uforståelig, vakkert, suggererende, voldsomt. Lyrisk fra første til siste side. En leseskatt.
«Natt som dag. Ein er i sitt løynrom og kjenner dette: Dirrar ikkje grunnen under føtene, av gøymde floder som finst? Og kva må ein så gjera, synest ein.
Ein må vera til stades.
Ein må møte opp og stå i straumen frå det. Ein må la den låge dirren skaka seg. Slik som halv-morkne bruer og gamle gang-tre dirrar fint i snøsmeltings-tid.»

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

Bump, seier det under foten min i kleiva, under støvelen. Steinhella på stigen der dunkar sakte mot berg-grunnen ved steget mitt, ligg ikkje støtt, kan vippe.
Bump, seier hella.
Ikkje uventa.
Hella på stigen og eg har vennskap gåande. Ein fåmælt vennskap sidan lenge. Gåtefull i største einfelde.
Aldri vonbroten.
Eit bump i dag som før.
Eller er det annleis i år? Atter ein grann nytt og annleis?
Kvifor det?
Tull og innbilling, seier eg, men kanskje eg gjerne ville det skulle vera slik.
Bump, i alle fall, til forsikring, til forsegling, vippar seg og dunkar i berg-grunnen. Eit signal langt inn om at det er no. At det berre er.
Kva er no? Blir ikkje fortalt. Men det talar til hjartet mitt og eg kan språket. Talar lågmælt som til ein fattig og sky.
Alt i orden, tyder det.
Sjølv seier eg ingenting om mitt, det er ein einetale om vår langvarige vennskap. Alt i orden.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Den svære fuglen faldar seg saman der borte. Med auga mine over mosen kan eg sjå det. Han står i myra med opplyft ransakande hovud. Like etter kjem den neste og ber seg likeins åt. Det titrar i ein av spenning, det blir som ei slags lykke. Eg ligg i kald myrvæte, som sakte trekker inn i kleda og gjer det ufyseleg, men eg er varm ved synet av tranane. Er på tranens eiga mark, er vel komen inn i ein heilagdom der ein ikkje burde vist seg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Kvelden er ved å sige på. Sola som stod i speglane eingong, er borte, ingen skal bli trolla no. Skyminga er ved å melde seg, og skal trolle meir. Hunden har tagna, som den som er komen heim og har gløymt alt der ute. Kråka er borte og må gå svolten til ro. Kveld er kveld.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Og så jenta på vegen. Kjem just stigande for å fylle alt vakkert ut. Jenter på vegen liksom. Det høyrer til.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Alltid noko som ein må finne, og ikkje veit kvar held til. Hadde det endå hatt eit brukeleg namn, dette rare saknet ein går med.
Hadde det hatt namn, ville de vori mindre stort og nærgåande. Då ville ein kunna gått rett på det og sett om det verkeleg var noko.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

63 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket

Lister som inneholder dette verket

Mestselgende litteratur i Norge på 1960-tallet. Alle sjangre.
Listen er løselig sortert etter salgstall (mestselgende først), men er ikke komplett.


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Dei svarte hestane - roman" av Tarjei Vesaas
  • "Noveller i samling" av Tarjei Vesaas
  • "Bruene" av Tarjei Vesaas
  • "I Midtbøs bakkar - minner frå eit samliv" av Halldis Moren Vesaas
  • "Dikt i samling" av Tarjei Vesaas
  • "Huset i mørkret" av Tarjei Vesaas
  • "Båten om dagen - Minne frå eit samliv 1946-1970" av Halldis Moren Vesaas
  • "Brønnene - noveller" av Hans Herbjørnsrud
  • "Vårnatt" av Tarjei Vesaas
  • "Det store spelet ; Kvinner ropar heim ; Sandeltreet" av Tarjei Vesaas
  • "Det store spelet" av Tarjei Vesaas
  • "Sirkel, sirkel - boken om prins Adrians reise" av Jan Erik Vold
Alle bokanbefalinger for dette verket