Omtale fra forlaget
Mennesket og maktene i verdskjend islandsk klassikar
I tjueseks år har gjetaren Benedikt vandra til fjells med hund og førarvêr i førjulstida for å finne bortkomen sau. Den tjuesjuande vandringa blir ekstra utfordrande når han kjem ut for eit kraftig uvêr. Trufast mot oppdraget med å hjelpe andre kjempar han likevel vidare mot naturkreftene, og finn styrke i det ubrytelege bandet mellom dyr og menneske.
Advent (1937) er ei poetisk og kraftfull forteljing som utmerkjer seg med vare mennesketeikningar og storslåtte naturskildringar. Det er Gunnar Gunnarssons mest kjende verk og eit hovudverk i klassisk islandsk dikting. Omsett av Oskar Vistdal.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2016
Format Innbundet
ISBN13 9788252191066
EAN 9788252191066
Genre Klassisk litteratur
Språk Nynorsk
Sider 94
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketFolk lever livet på mange måtar. Sume talar, andre teier. Sume lyt ha folk ikring seg støtt for å like seg, andre er ikkje like seg om dei ikkje er heilt einslege, i alle fall innimellom. Benedikt var elles ikkje folkestygg. Men på adventsvandringane sine hadde han vant seg frå fylgje av folk, for dei trøytta han så gjerdlaust med bygdaprat heile utlange dagen, slikt sømde seg ikkje her inne mellom fjella. Fullt så gale hadde det ikkje vore i yngre år. Han merka at han aldrast. Kvar var freden og den store stilla frå sundagen? Kvar var vonene? Kvar var trøysta og tryggleiken? Var det verkeleg berre fem netter sidan? Eller kva var det han sa: var det verkeleg alt fem netter sidan? For så skulle han no snart ha vore heime att - om alt hadde gått som det skulle. Og her låg han, like utsliten som kletufsene sine. Ein fillefrans, både utanpå og inni. Akk ja, tida går, ein er ikkje ung lenger.