Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Medisinen har ikkje eit godt nok språk for dei kjenslene og erfaringane folk får ved psykiske sjukdommar og plager. Jan Inge Sørbø viser at det er litteraturen som er den store og romslege kjelda til slik innsikt og forståing. Dette kan ikkje erstatta diagnosesystema og fagkunnskapen, men litteraturen kan supplera og stundom korrigera dette.
Det skarpe skiljet mellom frisk og sjuk, galen og normal, er gjerne mindre viktig i skjønnlitteraturen. Vi møter ofte innsiktsfulle og kloke røyster som har erfaringar på begge sider av slike skilje. For den som sjølv kjempar med slike vanskar, kan det liggja både gjenkjenning og trøyst i gode romanar og dikt.
Sørbø gir døme frå bøker av m.a. Beate Grimsrud, Olav H. Hauge, Karin Fossum, Arne Garborg, Alfred Hauge, Gunvor Hofmo, Göran Tunström og Lars Amund Vaage.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2013
Format Innbundet
ISBN13 9788252183108
EAN 9788252183108
Språk Nynorsk
Sider 239
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDersom det er noko ved dei institusjonaliserte behandlarane som blendar av for innsikta i det dei behandlar, rett og slett fordi grensa mellom behandlar og behandla ikkje kan gjevast opp, så tilbyr litteraturen eit univers der desse grensene ikkje gjeld. Her er det språket og forteljinga som definerer kva som er viktig, ikkje plasseringa i forhold til institusjonar eller diagnostiske kategoriar. Her finst det innsikter som ein kan ta lærdom av, som medmenneske, som medlidar, som behandlar, som pasient.
Sorg er krafts uppkome.
I diktet "Ny song til fedrelandet" summerer Hauge det sentrale i si verd, det han er mest glad i :
Alt som var gløymt og no gir seg til kjenne igjen,
alt kjært som eg miste og har funne att:
eit ver-slite naust, angen av tjøre og bork og ein brennande
eineberbusk,
fars stav, mors grav.