Sjabervik

noveller

av (forfatter).

Samlaget 2011 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.00 (6 terningkast.)

22 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Runes eksemplar av Sjabervik - noveller

Lesetilstand

Skal lese denne

Hylle

Nynorsk

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Dei 21 novellene i denne boka portretterer personar i kystbygda Sjabervik som på ulike vis har falle litt utanfor samfunnet. Dei dekkjer eit tidsrom på 175 år, og gjennom reiseskildringar, talar og dagbøker får vi eit innblikk i livsvilkåra til desse menneska.

Omtale fra forlaget

Dei 21 novellene i denne boka portretterer personar i kystbygda Sjabervik som på ulike vis har falle litt utanfor samfunnet. Dei dekkjer eit tidsrom på 175 år, og gjennom reiseskildringar, talar og dagbøker får vi eit innblikk i livsvilkåra til desse menneska.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2011

Format Innbundet

ISBN13 9788252176469

EAN 9788252176469

Omtalt sted Vestlandet

Språk Nynorsk

Sider 212

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 1 4 1 0 0

Bokomtaler

Små menneske under bratte fjell

Noveller

"Sjabervik" teiknar eit bilete av ei meir eller mindre typisk bygd på nordvestlandet, synest Orten skildrar miljøet i ei lita, snever kystbygd godt.
(Sjaber = elendig,shabby- om nokon skulle lure på det.)
Vi møter ulike personar i bygda som kjenner seg utanfor, som av ein eller annan grunn fell utanfor det etablerte og godkjende.
Tidsperspektivet i dei 21 novellene er frå 1835 og fram til vår moderne tid.

Nokre av tekstane gjorde stort inntrykk, spesielt den innleiande teksten om husmannen Angel som stel ein bortkomen sau for å få julemat til familien. Ein husmann var ikkje mykje verd – og straffa står ikkje i forhold til brotsverket sett med våre moderne auge. Den novella har eg lese fleire gonger, og i fleire fora. Egnar seg godt som innleiing til diskusjon om etiske spørsmål.
Ei anna novelle med sterkt innhald var den om Pige Naomi. Små, spinkle jenteskuldrar måtte bere mange tunge bører!

Boka er ikkje av dei lengste, den er lettlest og inneheld mange gode historier til ettertanke. Språket er etter mitt syn godt, spesielt var det å lese nokre av tekstane på gammal dansknorsk og på gammal nynorsk. Novellene er ulike i lengde, i form og innhald, men der går ein raud tråd av personar og hendingar gjennom store deler av boka.

Sjølv likte eg aller best første delen, den frå den eldste tida. I siste halvdel av boka var det ikkje alltid like lett å fange bodskapen, så derfor landar eg på kar 4+!!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"Sjabervik, Øystein Orten.
Sjabervik er nok inga lystig bok. Naturleg nok, for sjaber betyr elendig. Eg meiner slett ikkje at boka er elendig. Tvert i mot så er ho bra, men ho skildrar lite lystige ting og elende godt. Forfattaren fortell ei god historie om historia i ei mer eller mindre fiktiv bygd på Sunnmøre - ikkje so langt frå Hareid vil eg tru. Han skildrar livet i denne bygda heilt frå 1835 og fram til 2010, sett frå forskjellige perspektiv. Ikkje frå det perspektivet til dei som det blir skreve om i avisene og i bygdebøkene. Heller ikkje frå det perspektivet til dei som får skrive historia vår. Nei, han bytter perspektiv 21 ganger frå 1835 til 2010, med at det er outsidere som fortel eller vert beskrene. Perspektiva skiftar og går som ein spiral oppover på utsida av bydehistoria. Ei bok som beskriv den velstandsutviklinga vi, me eller oss he hatt - sett frå dei som ikkje fekk bli med på lasset.
Sjølv om boka stort sett er trist, har den også nokre gullkorn som er godt pussa:
"Kåt er eit ord for å ikkje ville døy".
"Redd er eit anna ord for å ville leve".
"Er du sikker på at me har nok bensin? Denne bilen drikk meir enn naboen".

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei samling på 21 noveller frå eit bygdesamfunn på Sunnmøre. Novellene spenner over eit tidsrom på 175 år, og dei kjem kronologisk. Der er ein viss samanheng mellom drygt halvparten av novellene, i det at ein person, eller etterkomaren etter ein person, kjem att i ei senare novelle. Stilmessig er hovudvekta av novellene ganske einsarta, men dette brytast opp av spenstige innslag som skil seg markant ut, slik som ei reiseskildring, dagboknotatar, og ein gravtale.

Det er mykje tungsinn, vonløyse og melankoli i novellene, men der er også ein del humor. I dei fleste av novellene er det skildringar av menneske som av ein eller annan grunn fell utanfor dei trygge ramene til samfunnet; ein sauetjuv, gravide tenestejenter, enker og enkemenn, evige ungkarar. Enkelte av novellene har eit tydeleg poeng, andre gangar kava eg litt med å forså kva forfattaren ville formidle. Innimellom fekk eg kjensla av at prosjektet til forfattaren er å blottlegge småligheita og trangsynet som det er populært å meine er framtredande i små bygdesamfunn.

Språkleg var det ein rein fest å lese. Teksta er krydra med lokale ord og seiemåtar som gjekk beint heim hjå denne lesaren. Men ikkje meir enn at den likevel burde vere tilgjengeleg for lesarar som ikkje har bakgrunn frå ytre søre Sunnmøre. Orten har i år også gjeve ut ei ny novellesamling, Risp i berget, som etter det eg forstår er frå same miljø. Eg kjem garantert til å lese denne også.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

Han tende pipa. Høyrde at organisten øvde på Bach. Harmoniar breie som skogteigar rasa nedetter klaviaturet.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Men kjære vene, tenkte Himmel-Jon. Arbeid tok ikkje tid. Det gav tid.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

"Kåt er eit ord for å ikkje ville døy".
"Redd er eit anna ord for å ville leve".

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Du vil kanskje også like

  • "Glødepunkt - roman" av Hilde Myklebust
  • "Tørst - roman" av Ellisiv Lindkvist
  • "Mørkerom" av Anders Lunde
  • "En muslimsk mors kamp" av Azra Gilani
  • "Du - fortellinger" av Thomas J.R. Marthinsen
  • "Karin og Kareem - roman" av Mattis Øybø
  • "Jern & metall - noveller" av Levi Henriksen
  • "Ti tusen skygger - en historie om Norge og de spedalske" av Bjørn Godøy
  • "Hva jeg betyr - roman" av Dag Johan Haugerud
  • "Jeg kunne gått hjem i blinde - roman" av Joachim Førsund
  • "Røff guide til samtidslitteraturen" av Marta Norheim
  • "Atlas over fjerne øyer - femogfemti øyer jeg aldri har vært på og aldri kommer til" av Judith Schalansky
Alle bokanbefalinger for dette verket