Ingen lesetilstand
Ingen lesedato
Favoritt!
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Jakob Sande (1906-67) vart fødd i Fjaler i Sunnfjord. Han debuterte i 1929 og gav ut ei rekkje samlingar med dikt og viser – bøker som gjorde han til ein av våre mest folkekjære diktarar. Dikt i samling kom ut første gong i 1956. I 1965 vart det laga ei revidert utgåve, der Sande sjølv hadde tatt ut over førti dikt. No er ei utgåve med alle dikta her, og denne samlinga inneheld òg den kjende visa Julekveld (Det lyser i stille grender), som ikkje har vore publisert i bokform tidlegare. Einar Økland har skrive etterord, og kommenterer der òg historia om dei ulike utgåvene.
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 1998
Format Innbundet
ISBN13 9788205253728
EAN 9788205253728
Språk Nynorsk
Sider 487
Utgave 4
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
NÅR DAGEN
Når dagen til skyming skifter
eg høyrer ein lystig song.
Eg les mine eigne skrifter
og veit eg har levd ein gong.
Når dagen til skyming skifter,
eg høyrer ein vemodssong.
Eg les mine eigne skrifter
og veit eg skal døy ein gong.
SLAVAR
Eg kan ikkje anna finne enn det eg alltid fann:
Mannen er slave av kvinne, kvinna er slave av mann.
Svarte er slavar av kvite, kvite er slavar av svart.
Dei som kan slå og bite, er føre til litt av kvart.
Somme er slavar av flaska, Herren forbarme dei!
Andre av pengetaska, Herren forbarme - nei!
Slavar, slavar er alle, slavar på sjel og kropp.
Svepa skal alltid knalle, knalle frå rot til topp.
Keisar, konge og pave er slavar av gamalt prent.
So gjorde dei Gud til slave nagla til to testament.
Bøker jeg har lest gjennom nærmere 50 år som har satt sitt preg på meg og gitt meg sterke leseropplevelser. kommentarene reflekterer min subjektive opplevelse av den enkelte boka.