2016
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Under Bergens smog bur ein ubestemt skapning, ei ung kvinne, stranda på ein midlertidig hybel. Ho finansierer husleige, alkoholforbruk og studielån med løna for arbeidet i makuleringstenesta til Fretex. Ho har ein kvernande einetale i sitt indre, men likar å bli forstyrra av vener. «Håpet og festen» er ein roman om den latterlege avstanden mellom det vesle livet ein er bunden i og dei store banda som knyter verda saman. Om å gløyme å drøyme om kven ein skulle ha blitt, og likevel bli stressa av å samanlikne seg med andre. Om å vere eller ikkje vere del av ein eigedomsmarknad, eit arbeidsliv, ein by. Om trivsel og fridom i blindsonene og om trongen til å forsvare seg.
Forlag Kolon
Utgivelsesår 2015
Format Innbundet
ISBN13 9788205485785
EAN 9788205485785
Omtalt sted Bergen
Språk Nynorsk
Sider 90
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Bokhandelens forfatterstipend 2016
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Eg trudde det skulle vera fort gjort å lesa denne vesle boka på 90 sider. Det var det ikkje. Her var så mange underlege tankar, skarpe obeservasjonar og gode formuleringar at eg har lese mange avsnitt fleire gonger. Humor og alvor i ei flott nynorskdrakt
Starter utrolig bra, men det blir etter hvert for mange rare ord og tanker. Lite som skjer. Avbrøt halvveis.
Eg er svært begeistra for språket, og for fleire av refleksjonane. Men trass i det blei eg lei. Den lilla boka på knappe 90 sider blei ganske så lang for min del då det er lite handling og mykje prat. Innser at det gjerne er litt av poenget, men for min del blei dette rett og slett for flatt. Sakna spennibgskurve og utvikling av historia. Sakna sant og seie historie i det heile tatt. Dette var meir som ein lang oppramsing av hovedpersonens tankar og kvardag. Heldigvis skrive på flott språk, ol ikkje anna. Vurderte å trille ein firer, for det er mykje smarte og artige formuleringar her som har fått meg til å trekke på smilet, og gruble litt over all slags småting i livet. Likevel blir rett og slett handlinga for tynn, sytest eg
Godt mulig det berre er eg som er gretten, men når eg higer etter å bli ferdig med ei bok berre for å kunne finne ei anna, så får eg meg ikkje til å gje høgre terningkast enn tre. Tre pluss, sidan språket trekker veldig opp.
Noen ganger svarer ikke livet til forventningene. Jeg-personen i denne boken bor i en studenthybel, selv om hun for lengst er ferdig med studiene. Hybelen, i tillegg til studielån og en god dose alkohol finansieres av en jobb på makuleringstjenesten til Fretex. Livet hennes har stagnert fullstendig. Gjennom jeg-personens tankestrøm får vi et innblikk i hverdagslivet til en person som alltid har levd litt på kanten av det sosiale.
En liten, sår , men også humoristisk bok om å ikke ønske å innfri de forventningen som samfunnet har til deg, samtidig som man føler på presset om å leve opp til de samme forventningene.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketEin kveld eg låg pal under dyna med eit grottemørkt humør, stakk eg øyreproppar i øyro for å stenge husets lydar ute: latter, ei fjern sentrifuge, ommøblering. Etter kvart som proppgummien utvida seg inni øyregangane, byrja eg i staden å høyre mitt indre: hjarteslag, knirking i nakken, pusten i nasen, overtennenes små klakk mot undertennene, svelginga. Det var eit jævla bråk der inne også.
Sjølv hamna eg ikkje på Fretex fordi eg treng attføring, vern eller tilrettelagt oppfølging av noko slag, det einaste samfunnsmessige hovudbryet NAV hadde med meg, var den ubrukelege utdanninga frå humaniora.
Me rømte vidare til eit gratis diktarrangement. Der kjøpte me ny øl og prøvde å konsentrere oss. Eit panel sat på eit podium og snakka om språket. Det var eit av desse arrangementa der ein mimra om den gongen ein laga verdas tjukkaste tidsskrift og ein uhyre kompromisslaus festival. Til sist blei ein dansk poet kalla opp på scenen for å gjenkalle stemninga frå denne svunne tida, han bjeffa eit utall dikt inn i det dårlege lydanlegget. Publikum lytta høfleg og velsmurde av tolmod til den lange, hamrande serien av bjeff endeleg tok slut. Så blei arrangementet runda av med oppfordringar til publikum om å bli verande og fylle sine sjelelege avgrunnar opp med alkohol. I det gule lyset frå ein lyktestolpe utanfor kunne eg sjå regnet skvette heftig. Ingolf jaga rundt i lokalet, frå den eine til den andre, det såg snarare ut som om han delte ut beskjedar enn førte samtalar.
Han forklarte at han var med på eit større prosjekt. Eg spurte ikkje kva prosjektet var større enn.
Sjølv om eg alltid har likt å ha vener, har eg nok aldri vore det ein kallar ein spesielt god ven. Eg manglar evna til å stille det rette spørsmålet i mild empati, trekke ting ut av folk og trøyste dei, men eg har i alle fall eit naturleg talent for å sjå ut som ein tenksam lyttar.
Den jamne krisa er det best å halde for seg sjølv. Og ei dårleg lune er jo alltid mellombels, til ho blir avleidd av ei betre lune.