Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 6 av 6 sitater

Den jamne krisa er det best å halde for seg sjølv. Og ei dårleg lune er jo alltid mellombels, til ho blir avleidd av ei betre lune.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sjølv om eg alltid har likt å ha vener, har eg nok aldri vore det ein kallar ein spesielt god ven. Eg manglar evna til å stille det rette spørsmålet i mild empati, trekke ting ut av folk og trøyste dei, men eg har i alle fall eit naturleg talent for å sjå ut som ein tenksam lyttar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Han forklarte at han var med på eit større prosjekt. Eg spurte ikkje kva prosjektet var større enn.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sjølv hamna eg ikkje på Fretex fordi eg treng attføring, vern eller tilrettelagt oppfølging av noko slag, det einaste samfunnsmessige hovudbryet NAV hadde med meg, var den ubrukelege utdanninga frå humaniora.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Ein kveld eg låg pal under dyna med eit grottemørkt humør, stakk eg øyreproppar i øyro for å stenge husets lydar ute: latter, ei fjern sentrifuge, ommøblering. Etter kvart som proppgummien utvida seg inni øyregangane, byrja eg i staden å høyre mitt indre: hjarteslag, knirking i nakken, pusten i nasen, overtennenes små klakk mot undertennene, svelginga. Det var eit jævla bråk der inne også.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Me rømte vidare til eit gratis diktarrangement. Der kjøpte me ny øl og prøvde å konsentrere oss. Eit panel sat på eit podium og snakka om språket. Det var eit av desse arrangementa der ein mimra om den gongen ein laga verdas tjukkaste tidsskrift og ein uhyre kompromisslaus festival. Til sist blei ein dansk poet kalla opp på scenen for å gjenkalle stemninga frå denne svunne tida, han bjeffa eit utall dikt inn i det dårlege lydanlegget. Publikum lytta høfleg og velsmurde av tolmod til den lange, hamrande serien av bjeff endeleg tok slut. Så blei arrangementet runda av med oppfordringar til publikum om å bli verande og fylle sine sjelelege avgrunnar opp med alkohol. I det gule lyset frå ein lyktestolpe utanfor kunne eg sjå regnet skvette heftig. Ingolf jaga rundt i lokalet, frå den eine til den andre, det såg snarare ut som om han delte ut beskjedar enn førte samtalar.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaTurid KjendlieVioleta JakobsenHarald KsomniferumStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienNina