Ingen hylle
Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Lovart Litlevåg og Lea Konstanse Kipevik bur på ei lita øy på Vestlandet og er begge einsame og annleis . Kvar dag slår dei følgje med kvarandre til skulen, men utan å snakke saman. Ho vil vere som dei andre, han vil helst vere ein annen. Men han har ei songstemme som får folk til å gråte og ho gjer forretningar med ferske egg og gamle oppskriftar, og slik opnar livet og verda seg på ein ny måte.
Omtale fra forlaget
Lovart Litlevåg går mest for seg sjølv, les teikneseriar om cowboyar og indianarar, lyttar til Hank Williams og drøymer om Amerika. Lea Konstanse Kipevik bur på ein holme saman med foreldra og held seg i hønsegarden når ho treng selskap. Kvar dag slår dei følgje med kvarandre til skulen, men utan å veksla eit ord. Dei er einsame og annleis. Ho vil vera som dei andre, han vil helst vera ein annan. Men han har ei songstemme som får folk til å gråta, og ho gjer forretningar med ferske egg og gamle oppskrifter. Slik opnar livet og verda seg på ein ny måte, med mykje musikk både på og mellom linene. Syng meg heim! er ei frodig, nostalgisk og poetisk kjærleikserklæring til musikken, ein lun, gripande og vemodsmunter vestlandswestern om havet, døden og kjærleiken - og om å komma heim. Atle Hansen (f. 1954 i Mosterhamn) er forfattar, visesongar og journalist. Han er busett på Stord og har gitt ut 15 bøker og fleire plater. Atle Hansen har òg vore journalist i lokalavisa Sunnhordland sidan 1987. Han fekk Vinjeprisen for nynorsk journalistikk i 1996.
Forlag Wigestrand
Utgivelsesår 2012
Format Innbundet
ISBN13 9788281401280
EAN 9788281401280
Omtalt sted Vestlandet
Språk Nynorsk
Sider 206
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket