Ingen hylle
2024
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Ei bygd, eit hus, ein mann og ein draum. Kva for nye sjansar kan opna seg om ein lukkar alle dører, bortsett frå ei?
Siri Helle hadde lenge drøymt om eigne poteter og grønsaker, tuntre og dyr, men kjøpekontrakt, bustadlån og same utsikt kvar dag skremde henne. Som vaksen har ho flytta over tretti gonger. Ein dag tek Siri Helle det store steget og flyttar heim til Holmedal i Sunnfjord. Saman med sambuaren og snikkaren Asle kjøper ho eit hus, eit uthus og nesten to mål jord i eit klyngetun. Her vil dei bu for alltid. Men klarar ho å finne ro?
Siri Helle gjev seg sjølv eitt år. Eitt år på å finne ut om ho passar til dette livet, om ho kan seia seg nøgd med å ha flytta attende til heimbygda. Ho snikrar, dyrkar, jaktar, fiskar og skaffar seg to- og firbeinte venner. Og kjenslene spenner frå mørk fortviling til glimt av ekstatisk lukke. Dette er ei forteljing om ein heim og om arbeidsglede, men er også ei kjærleikshistorie. Det handlar om å vera to om det store prosjektet. Kva nye sjansar opnar seg når ein lukkar alle dører bortsett frå ei? Bli med til Trollefossvegen 23.
«Skal du bare lese én bok i år om å etablere seg på nytt i bygda der du vokste opp, må det bli denne.»
- Knut Hoem, NRK
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2022
Format Innbundet
ISBN13 9788234008498
EAN 9788234008498
Genre Biografisk litteratur
Omtalt person Siri Helle
Språk Nynorsk
Sider 213
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Helle har flytta attende til heimbygda, Holmedal. Dette kunne fort blitt ei romantisering av livet "på landet", men forfattaren fortel om utfordringar og halvferdige prosjekt - sjølv om ho landar klart på den positive sida. Kva kan ho og sambuaren fikse sjølve? Dei ønskjer å gjenbruke, hauste av naturen og sette minst mogeleg fotavtrykk etter seg. Ho unngår stort sett å moralisere. Me følgjer dei gjennom opp- og nedturar i det første året i nyeheimen.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketEg kjenner meg ikkje ung saman med Asle. Eg kjenner berre at eg ikkje lenger er redd for å verte eldre.
For utfordringa er jo ikkje å finne på noko å gjere. Det har det aldri vore. Utfordringa er å få gjort alt eg drøymer om, eller i alle fall nok av det eg drøymer om, til å kjenne meg nøgd - balansere dei to, det er det eg jobbar med.
Veldig lite vi lagar no, er laga for å verte ombrukt. Alt vi lagar i plast eller aluminium, til dømes, alt som vert marknadsført som vedlikehaldsfritt, har det til felles at det verken kan haldast ved like eller reparerast. Når det er øydelagt, er det øydelagt, og då må det smeltast om om råstoffet skal kunne brukast om att.
[Forfattaren siterer mormora si] Eg drøymde at livet var lukke. Eg vakna og fann det var plikt. Eg utførte plikta og fann at ho var lukka.