Eg vil vere her

dikt til trøyst

av (redaktør).

Samlaget 2023 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.33 (3 terningkast.)

15 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Caroline Ekornes Johannessens eksemplar av Eg vil vere her - dikt til trøyst

Lesetilstand

Skal lese denne

Hylle

Poesi

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra forlaget

Dikt som kan trøyste og løfte alle som treng det.

Eg vil vere her
Eg vil vere her lenge
så eg kan få sjå korleis det går
Eg vil følgje deg, eg vil halde di
hand
- Sigrid Moldestad

Iblant tek livet vendingar som gjer at ein står der rådlaus og leiter etter ord. Då kan det bety mykje å finne dikt der andre har sett ord på det vanskelege, for gjenkjenning og eit nytt og uventa blikk - eller som ei slags trøyst, fordi dikta fortel om ei livsrøynsle og ei innsikt som ein kanskje ikkje sjølv kan artikulere - anten dikta viser ein høgare himmel eller berre at andre har opplevd dette før. Ei krise kan også lære eit menneske at ikkje berre treng ein at andre er der, ein vil også gi det tilbake - å vere der for andre.

I «Eg vil vere her. Dikt til trøyst» har Olaug Nilssen samla dikt frå mellom andre Tor Jonsson, Karoline Brændjord, Gunvor Hofmo, Marie Takvam, Hans Sande, Åse- Marie Nesse, Kolbein Falkeid og Sigrid Moldestad.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2023

Format Innbundet

ISBN13 9788234006319

EAN 9788234006319

Språk Bokmål Nynorsk

Sider 112

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 1 2 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

ETTER DEG

eg er i det stille vatnet
etter deg

ventar ved mørke landtunger
ventar ved stille demningar

alt er stille etter deg
huset og kvelden og kroppen
alt flyt så stille
flyt over i alt anna
vil fløye over frå tid
til annan

slik er det der
i det stille, stille vatnet
etter deg

Brit Bildøen

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Å ønske seg vakre gjenstandar. Å tenkje ut eit rom, ut
frå det visuelle, i staden for det praktisk moglege.
Å setje fram ei pynta blautkake på ein duk. Dekke på
rundt kaka. Tynt porselen.

Olaug Nilssen

Godt sagt! (1) Varsle Svar

TÅRE, DU TARV IKKJE FALLA

Det var lite for deg
men mykje for meg;
eit smil då det galdt
og eit handtrykk var alt

Tåre
du tarv ikkje falla,
eg veit du er salt

Olav H. Hauge

Godt sagt! (1) Varsle Svar

BORTANFOR: Å forstå at du skal døy, er som å få barn, berre med motsett forteikn. Mens du ventar, har du tankar om barnet som skal koma, korleis alt skal bli. Men du kunne ikkje førestilla deg romma som skulle opnast i deg, rom med kjærleik som berre var meint for dette. Salar du ikkje ville kjent om det ikkje var for barna du fekk elska. Slik finst det også andre løynde rom. At me ein gong skal døy, det veit me alle. Men før di tid blir målt opp, strekk ikkje tankekrafta til. Først når du veit di tid blir kort, blir romma opna som var meint for denne sorga, denne einsemda. Desse kotta er også dine, her skal du trø inn. Også her finst lys.

Siri Økland

Godt sagt! (0) Varsle Svar

NOTAT

Livet er den eneste måten
å dekkes med løv på,
hive etter pusten i sanden,
stige til værs på vinger;

å være en hund,
eller stryke den over den varme pelsen;

å skille smerte
fra alt som ikke er det;

å komme seg på innsiden av det som skjer,
se noe fra flest mulige synsvinkler,
å strebe etter å trå minst mulig feil;

En enestående sjanse
til et øyeblikk å erindre
en samtale som fant sted
med lampen slått av;

og i det minste én gang
snuble i en stein,
bli dyvåt når det bøtter ned med regn,
legge fra seg nøklene i gresset;

og å følge en gnis i vinden med øynene;

og uten stans fortsette med å gå glipp av
noe viktig.

Wislawa Szymborska (omsett av Christian Kjelstrup)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

DØDEN

Det er lenge til eg skal døy,
har eg bestemt.
Det er mykje eg skal ha gjort
før den tid,
mange jenter eg skal kysse
og gifte meg med,
mange land eg skal besøke
og hav eg skal symje i.
Og når døden ein dag kjem
i den store svarte bilen sin,
skal eg første be han inn
på ein kopp svart kaffi
før vi set oss inn i bilen og kjører.
Og når døden snur seg mot meg
og spør: No, har du fått
gjort alt du skulle?
skal eg svare fornøgd:
Ja, det har eg.

Ragnar Hovland

Godt sagt! (0) Varsle Svar

TIL LIVET

Mitt liv, eg lovar deg høgt og dyrt:
Ikkje før døden det vil
sloknar min brennande elskhug til deg,
og gleda: å høyre deg til.
Og svaret ditt kling ifrå alt eg ser
og høyrer ved dag og natt,
i alt det du gjer meg, i alt som skjer:
Eg elskar, eg elskar deg att!

Halldis Moren Vesaas

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Mitt eget lesemål for 2023 er å lese flere dikt og diktsamlinger. Bøkene er lagt inn kronologisk etter når de ble lest, mao. er den første boka lest i januar og den siste i desember.


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Alle mine levende - dikt" av Hege Woxen
  • "Det største i livet - dikt til nye foreldre" av Kristin Storrusten
  • "Liljevilje - dikt" av Helge Torvund
  • "Terapeutens jul - om grenser for kjærlighet og kunnskap" av Linda Sandbæk
  • "Dikt til navngitte menn - dikt" av Trygve Skaug
  • "Ren poesi julehefte - når nettene blir litt for lange : anno 2021" av Ellen Wisløff
  • "Mor når hun vinker fra toget - dikt" av Emely Benedicte Kahrs
  • "Juleroser 2022" av Herborg Kråkevik
  • "Juleroser 2021" av Herborg Kråkevik
  • "Den andre døden - roman" av Kjersti Ericsson
  • "Meningen med Atlas" av Torun Lian
  • "Hva føler du nå? - enkle råd mot indre uro" av Cecilie Benneche
Alle bokanbefalinger for dette verket