2022
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Dikta i denne samlinga kan kanskje best karakteriserast som musikalske tekstar om det som lyser for alt som er borte. Den musikalske diksjonen gjer orda gode. Det gjer også den personlege patos, helst sorga og tøyinga mot yttergrensene i eksistensen. Med denne boka fullfører Jon Fosse ein lyrisk trilogi som byrja med "Engel med vatn i augene" og heldt fram med "Hundens bevegelsar".
Omtale fra forlaget
Dikta i denne samlinga kan kanskje best karakteriserast som musikalske tekstar om det som lyser for alt som er borte. Den musikalske diksjonen gjer orda gode. Det gjer også den personlege patos, helst sorga og tøyinga mot yttergrensene i eksistensen. Med denne boka fullfører Jon Fosse ein lyrisk trilogi som byrja med "Engel med vatn i augene" og heldt fram med "Hundens bevegelsar".
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 1992
Format Heftet
ISBN13 9788252138207
EAN 9788252138207
Språk Nynorsk
Sider 85
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket(i det bråe)
for når vi har sett
at det ikkje finst andre stader å gå
for når vi har sett at det ikkje finst andre stader å gå
det er då det er tid for å gå
då må ein berre gå, utan å gå
det er då vi kan gå
og då, slik skal det vere, må ein først
få sett kva som ikkje finst
og så må ein gå mot stader som ikkje finst
stader som likevel finst og som liknar på kjærleik
for det verkelege kan likne på kjærleik
og når vi går mot det andre
er det sames forskyvingar alltid i det andre
og det liknar, så brått, vår kjærleik
som ikkje finst
(men som då, i det bråe, likevel finst)
Ingenting overtyder meg meir om Guds nærver enn fråveret av mine døde venner. Gud er mine døde venner.
Gud er alt som forsvinn.
God kunst er guddommeleg; god kunst er delaktig i det ubestemmelege, som er Gud, i det bestemmelege.
Utan døden ville Gud vere død.
Alt seier at Gud er. Ingenting seier at Gud finst.
Kvifor skal Gud finnast? Gud som er?
Å finnast er å vere borte frå Gud
for at Gud skal kunne vere og dermed for at alt skal kunne vere.
(båten)
denne kvelden, om hausten
då alt enno kan forandrast: er det trygt på havet
Blir vinden for sterk
Blir bølgjene for store
Vil båten halde
i det vêret som må komme
Båten er av tre
Bølgjer er bølgjer
men båten så vakker blant bølgjer
Båten er under bølgjer i ei stadig svartare rørsle, i kulden
som ein berre kan ta på eit stykke dag, natt og stilt
i det svarte eller kvite lyset
våre hjarte kan høyre
eller båten på land, i ei fjøre
der den opnar seg dag, natt mot den store opning
så vakker er båten i fjøra: ein gut kryp under
den kvelvde båten
og ser, gjennom hol, ein himmel regn
skyer regn, før endeleg ein dag, det raude er borte
i bølgjenes tolmod, så likt, kan ein tenkje, våre liv
Vinterferie på hytta, og leser gamle aviser. «På nattbordet» i DN dukker Jon Fosse opp, og jeg konstaterer at der er jeg helt blank! Så hva velger jeg da fra et rikholdig forfatterskap? Jo da, flere titler med hunder. I tillegg til bøker er hunder en av mine største lidenskaper.
– Og hver sommer er vi en tur på Vestlandet, og har spist moreller og funnet geocacher ved foten av Fridtjov den frøkne, så nå har jeg en Fosse-plan!