Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 3 av 3 sitater

Ingenting overtyder meg meir om Guds nærver enn fråveret av mine døde venner. Gud er mine døde venner.

Gud er alt som forsvinn.

God kunst er guddommeleg; god kunst er delaktig i det ubestemmelege, som er Gud, i det bestemmelege.

Utan døden ville Gud vere død.

Alt seier at Gud er. Ingenting seier at Gud finst.
Kvifor skal Gud finnast? Gud som er?

Å finnast er å vere borte frå Gud
for at Gud skal kunne vere og dermed for at alt skal kunne vere.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

(i det bråe)

for når vi har sett
at det ikkje finst andre stader å gå
for når vi har sett at det ikkje finst andre stader å gå
det er då det er tid for å gå
då må ein berre gå, utan å gå
det er då vi kan gå
og då, slik skal det vere, må ein først
få sett kva som ikkje finst
og så må ein gå mot stader som ikkje finst
stader som likevel finst og som liknar på kjærleik
for det verkelege kan likne på kjærleik
og når vi går mot det andre
er det sames forskyvingar alltid i det andre
og det liknar, så brått, vår kjærleik
som ikkje finst
(men som då, i det bråe, likevel finst)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

(båten)

denne kvelden, om hausten
då alt enno kan forandrast: er det trygt på havet
Blir vinden for sterk
Blir bølgjene for store
Vil båten halde
i det vêret som må komme
Båten er av tre
Bølgjer er bølgjer
men båten så vakker blant bølgjer
Båten er under bølgjer i ei stadig svartare rørsle, i kulden
som ein berre kan ta på eit stykke dag, natt og stilt
i det svarte eller kvite lyset
våre hjarte kan høyre

eller båten på land, i ei fjøre
der den opnar seg dag, natt mot den store opning

så vakker er båten i fjøra: ein gut kryp under
den kvelvde båten
og ser, gjennom hol, ein himmel regn
skyer regn, før endeleg ein dag, det raude er borte
i bølgjenes tolmod, så likt, kan ein tenkje, våre liv

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg  FrøysaaHeidi HoltanBente L.Ellen E. MartolKrishHanneTine VictoriaKine Selbekk OttersenPiippokattaHeidiLinda NyrudTheaIngvild STone SundlandStine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete Amundsen