Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
«Hald inn rumpa når du går, ropar farmor, sjå på meg! Mi rumpe er flat og fin, ser du? Eg går og held inn rumpa heile tida, og det skal du og gjere!»
Dagne vil at farmora skal like henne, men det er lettare å springe ifrå Marken-brørne, enn det er å gjette kva farmora tenker. Tida står stille i kafeteriaen der Åsta jobbar. Ho hatar gjestane og vil reise ifrå alt. Fred drøymer om å bli rik. Han håpar framleis på å møte igjen faren som vart borte då han berre var elleve.
Frå tre forskjellige generasjonar får vi høyre forteljinga om foreldre, barn og barnebarn, og om korleis fattigdom og vald pregar liva deira, og den dei er. Dei klarar ikkje å snakke med kvarandre - men kanskje kan dei møtast likevel, på tvers av tid og rom?
I romanen Flog stiller Dordi Strøm spørsmål om kva det er som forbinder foreldre og barn. Er det gjeve at ei mor skal elske sin eigen son? Og kan ei dotter nokon gong slutte å drøyme om å bli elska av far sin?
Dordi Strøm (f. 1971) er frilans scenograf, kostymedesignar og forfattar. Ho er oppvaksen i Trøndelag og bur i dag i Oslo. "Flog" er hennar første bok.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2021
Format Innbundet
ISBN13 9788234002366
EAN 9788234002366
Språk Nynorsk
Sider 324
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket