Kvar ein fugl

dikt

av (forfatter).

Samlaget 2018 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.25 (4 terningkast.)

15 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Caroline Ekornes Johannessens eksemplar av Kvar ein fugl - dikt

Lesetilstand

Skal lese denne

Hylle

Poesi

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra forlaget

Dikt med djupe røter.
Frå ein gard i ein fjelldal spring dikta ut. Dei dreier rundt det å drive ein slektsgard vidare og å bli mor til barn som er ein ny generasjon i ei lekkje som strekkjer seg langt attende i tid. I eit konkret og biletsterkt språk fortel dei om garden som ein stad som ser liv komme og gå. Dei som har levd før, er alltid til stades. I steingardar og bygningar, landskap og marker, i namn og spor, gamle tre og i fuglane som flyg over tunet. Nærleiken til naturen er sterk og tydeleg, og slik blir også det forgjengelege eit bakteppe for alt som hender.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2018

Format Innbundet

ISBN13 9788252195439

EAN 9788252195439

Språk Nynorsk

Sider 50

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 3 0 0 1 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

I grålysninga teiknar steingardane
mjuke linjer kring dei bleike markene
Tippoldefar fann desse steinane
Kvar ein stein festa han auga på
og såg etter former og kantar
søkk og kvelvingar
som kunne høve saman

Stundom stødde han seg
mot den nylødde muren
Han drog handa over panna
Ei stripe jord smelta inn i sveitten
og la seg som ein skugge i andletet

Mose og lav grør over
der dei seige nevane hans
tok tak og lyfta

Stein på stein kransar garden
Eit lysande omriss av tid

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Du skal få eit namn
Du skal dele namn med ein sjeldan fugl
som landa på tunet den dagen du vart fødd
Han kvilte her under trekket

og fuglen var kvit som snø
og fuglen var kvit som mjølk
og fuglen var kvit som utskrivne blad
i spora stod namnet ditt skrive

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kvar gong eg ropar på deg
siv ei anna røyst fram like under mi
Ho stig med ein uminneleg klang
som slår mot lødeveggane
og legg seg over garden

Eg ser deg kome over markene
Kor sterk du er der du går
og ber namnet hans vidare

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ein gong var krigen også her
Ein soldat stogga på tunet
Auga var svarttrekte av lengt
Han lyfta opp vesle far min
og heldt han inntil seg
Kviskra fram ord på eit språk
alle fedrar og mødrer skjønar:
Eg har eit barn eg har eit barn
eg har eit barn eg ikkje har møtt

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Du vil kanskje også like

  • "Inn i naturen - 101 norske dikt" av Julie Holdal Hansen
  • "Torsdagstribunalet" av Michel Laub
  • "Sorg og song - tankar om forteljing : essay" av Lars Amund Vaage
  • "Med blodsmak i munnen - og andre bloggtekster" av Lise Hetland
  • "Minneboken - norsk nostalgi" av Mona Stenseth Larsen
  • "Mannemenneske - menn om livet, sex og forhold" av Brit Aksnes
  • "Hvor er lyset om vinteren? - da Sivert valgte å avslutte livet" av Tove Irene Langsveen
  • "Sterke kjensler og andre dikt" av Kristin Auestad Danielsen
  • "Sant nok - noveller" av Kristin Bjørn
  • "Oss - dikt" av Mari Oseland
  • "Forsøk på å bevege seg med mørkets hastighet - noveller" av Terje Holtet Larsen
  • "Songbok for hesten - roman" av Arne Ruset
Alle bokanbefalinger for dette verket