Ingen lesedato
Favoritt!
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Mikal reiser tilbake til heimbygda. Der møter han igjen bestemor si, Sara, ho som ein gong for mange år sidan blei sjuk og kom på sinnssjukehus, og Samson, sonen hennar, som også blei sjuk. I fem kapittel, som utgjer fem forteljingar, fem brotflater å nærma seg historia gjennom, fortel denne romanen om galskap, om sterke kjensler og stor innlevingskraft, om psykiatri og om nedbrytinga av menneske. "Skuggen og dronninga" er ein gripande og urovekkande roman. Sara gjekk inn i venleiken, inn i det mintgrøne vindfanget, vidare inn i den mørke gangen med lakka furepanel. Ho sette ikkje ytterdøra på klem, slik ho brukte å gjera før, så dei som følgde henne skulle koma inn, men stengde etter seg. Mikal hadde auka farten, sprunge etter henne den siste biten, og no stod han framfor dørhella, på den svarte singelen, med løyntnantshjarto og georginer lavande på begge sider. Han høyrde at ho stoppa der inne, snudde, tenkte seg visst om, før ho kom til døra, vreid nøkkelen rundt og låste. Han høyrde kneppet i låsen og stega hennar innover. I det same begynte ho å snakka, høgt, klagande, stigande, fallande, og stigande igjen, kanskje til seg sjølv, kanskje til Allan.
Forlag Oktober
Utgivelsesår 2010
Format Innbundet
ISBN13 9788249504008
EAN 9788249504008
Språk Nynorsk
Sider 153
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Melsomprisen 2011
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Men før, i dei barbariske gamle dagar, var samfunnet vondt og hardt og misforstod og forfølgde alle som sleit med psykisk sjukdom. Då hadde sjukehuset vore endå meir naudsynt enn no. Sjukehuset opna si dør for dei som ingen annan plass hadde. Sjukehuset var ein fristad, eit asyl, for dei som ikkje visste kor dei skulle gå. Dei jaga, dei forhutla, dei angstridde og plaga, dei villfarne, dei psykotiske, dei bablande galningane, dei psykopatiske mordarane, dei kunne koma til sjukehuset, og der ville dei finna rom
Han flaug ut i bygda frå det eine huset til det andre, slik prinsar gjer. Men han gjekk ikkje inn. Han flaug over og forbi. Han skreik og hylte der han sveva over taka. Han song fuglesongar som fortalde dei som budde der kven dei var. For det visste han. Han var sonen til mor si.