Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
I 2013 konverterte Jon Fosse til katolisismen. Fosse melde seg i protest ut av Den norske statskyrkja som 16-åring, men fann seinare attende til ei religiøs livsforståing gjennom skrivinga. Han har vore oppteken av gnostisme, kristen mystikk og har kjent seg nær kvekarrørsla, men er no altså katolikk. Kva har skjedd?
Teologen og katolikken Eskil Skjeldal samtalar med Fosse om vegen fram til konverteringa. Dei snakkar om tru og Gud, om åndelege og mystiske opplevingar, om skriving, alkoholisme og sjukdom, om kvardagen som katolikk og om kva Fosse tenkjer om standpunkta til den katolske kyrkja. Her kjem du tett på både Fosse og trua.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2015
Format Innbundet
ISBN13 9788252187182
EAN 9788252187182
Genre Personlige beretninger
Omtalt person Jon Fosse
Språk Nynorsk
Sider 161
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Etter mine begrep er Mysteriet i trua ein fin måte å bli kjend med Jon Fosse. Og annleis enn å lese bøkene hans, der han er kompromisslaus og held seg til det løynde og det usagde, og prøvar å nå inn til sanning ved å lytte, ikkje ved å finne opp og konstruere karakterar, miljø og handling. Fosse ferdast der Fosse ferdast, og det krever naturleg nok mykje av lesaren.
I Mysteriet i trua er det annleis. Her møter vi Fosse som menneske. Teologen og katolikken Eskil Skjeldal stiller spørsmål, og Fosse svarar som best han kan. Dei er innom mange tema, både filosofi, skriving og livet generelt, men heile tida med utgangspunkt i at Fosse ved eit punkt konverterte og blei katolikk. Vi får mellom anna vite at Fosse som ungdom var dregen mot sosialismen (og er det framleis - vestlandsanarkist), at han ikkje fann seg til rette i arbeidarrørsla, sidan han var ubrukeleg til alt anna slikt arbeid enn å "spyle tak og veggar", at han likar det smålåtne og lyttande hos kvekarane, mykje om Wittgenstein og Heidegger og han peikar på to skjelsetjande andelege opplevingar i livet, eine ei nær døden -oppleving som liten gut, andre ei plutseleg kjensle på kjøkengolvet av å stå i ei enorm lyskjegle. Fosse seier han er ein elitist, men også ein slask på bakarste benk. Det høge kan ikkje finnast uten det låge. Han fortel om alkohol, røyking, snusing og å lytte og finne det heilage i punktet der lidinga i eige liv møter lidinga til Jesus på krossen i forløysing. 'Der fortvilinga møter si grense, der er Gud." Dette minner meg om Edvard Hoem sine tankar i romanen Tid for klage, tid for dans, der hovudpersonen til slutt konkluderer med at om Gud framleis finnast her på jorda etter alle krisene og meiningsløysa, så er det i lidinga og kjærleiken, som vi alle har felles.
Skjeldal spør også t.d kva Fosse meinar om den katolske kyrkja sine synder, om homofili, forkynning, sølibat, den endelege domen og meir. Og korleis kan ein framleis tru på Gud etter Auswitz? Interessant tykte eg det var: Den endelege domen skjedde ved Jesus på krossen, og den domen pågår kvar dag og kvar augneblink den dag i dag.
Fosse seier i siste linjene at han blei katolikk på grunn av mysteriet i den katolske trua. Skjønbart, då mysteriet er sentralt i Fosse si dikting og. Absolutt tilrådd lesnad, då boka gjev eit godt innblikk i Jon Fosse si tenking og skriving.
Ei interessant bok om vegen til tru og kvifor det blei den katolske kyrkja. Mange refleksjonar eg måtte tenkje ekstra over. Avsnitt eg måtte notere meg. Konklusjonar eg undra meg over.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketFor måtehald har aldri vore mi sterke side, same kva det gjeld. Røyking, drikking, skriving, lesing.
Måtehaldsmann det er eg ikkje, men eg skulle gjerne ha vore det. Og eg er heller ikkje måtehalden når det gjeld å lata vera å gjera noko.
Eg er imot all bokstavleg lesing, både av Bibelen og av skjønnlitteratur. Ein må byrja der. Med bokstaven. Men om ein stoggar der, vert det berre sorga. Bokstaven drep, men ånda gjer levande, som det skrive står.