Ingen lesetilstand
Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 1982
Format Heftet
ISBN13 9788252122657
EAN 9788252122657
Serie Smileserien
Språk Nynorsk
Sider 101
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Herbjørn Sørebø var eit kjent anlete på NRK Dagsrevyen for nokre få tiår sidan. I tillegg til (eller kanskje som ein konsekvens av) det journalistiske virket så gav han også ut nokre titals bøker innanfor eit breidt sjangerspekter. Hovudvekta av bøkene, i alle fall dersom ein tel antal titlar, er likevel humoristiske bøker av ymse slag.
Norske Smil er den første i ein heil serie med vitsebøker som kom ut årvisst gjennom det meste av 80-talet og byrjinga av 90-talet. Det gjeng fram av forordet at vitsane er sendt inn til Det Norske Samlaget av folk frå heile landet, og eg reiknar med at Sørebø då blir meir å reikne som ein redaktør av innhaldet. Boka er illustrert med treffande teikningar av Audun Hetland.
Dette er nok ei vitsebok som er meint å vere for alle aldersgrupper, så innhaldet er for det meste ganske lite spenstig. Mange poeng var i overkant enkle, nokre har ein høyrt før, og for eit par-tre av stubbane så forstod eg ikkje poenget i det heile. Ein god del av vitsane spelar på kjønn og/eller sex, men kan ikkje seiast å vere grove. Men der er også ein del verkelege perler i samlinga. Ein skal uansett vere ein ganske bra surpomp om ein ikkje lear på smilebandet av og til når ein blar igjennom boka.
Nokon nasjonalskatt er nok ikkje dette, men likevel grei tidtrøyte på ein romjulskveld.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketTo stortingsrepresentantar møttest dagen etter eit stort ordskifte, og då spurde den eine:
- Kva var det du sa i innlegget ditt i går?
- Ingenting!
- Ja, det veit eg, sa den andre att, - men korleis var det du ordla deg?
Ein røyrleggjar var død og komen til himmelen. Der stod St. Peter og spurde kor gamal han var.
- 32 år, sa røyrleggjaren.
Då såg St. Peter nøye på papira sine og sa: - Nei, min gode mann, det kan ikkje vere rett. Etter timesetlane dine må du vere minst 117.
Då mor mi skulle flytte over i eit mindre husvære, fekk ho brått ikkje plass til så mange av bøkene sine lenger. Snill som ho er så lot ho etterkomarane forsyne seg med det dei hadde lyst på. Sjølv om vi var fleire som ville ha så var det likevel eit rikhaldig skattkammer å plukke frå.
I listene på bokelskere er det plass til berre 100 bøker, og første bokhamstringa for snart tre år sidan gav ei breiddfull liste. Det kjem framleis nokre bøker rekande no og då, så det er like greit å lage ei supplement-liste.
Takk igjen, kjære mor.