Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Herbjørn Sørebø var eit kjent anlete på NRK Dagsrevyen for nokre få tiår sidan. I tillegg til (eller kanskje som ein konsekvens av) det journalistiske virket så gav han også ut nokre titals bøker innanfor eit breidt sjangerspekter. Hovudvekta av bøkene, i alle fall dersom ein tel antal titlar, er likevel humoristiske bøker av ymse slag.

Norske Smil er den første i ein heil serie med vitsebøker som kom ut årvisst gjennom det meste av 80-talet og byrjinga av 90-talet. Det gjeng fram av forordet at vitsane er sendt inn til Det Norske Samlaget av folk frå heile landet, og eg reiknar med at Sørebø då blir meir å reikne som ein redaktør av innhaldet. Boka er illustrert med treffande teikningar av Audun Hetland.

Dette er nok ei vitsebok som er meint å vere for alle aldersgrupper, så innhaldet er for det meste ganske lite spenstig. Mange poeng var i overkant enkle, nokre har ein høyrt før, og for eit par-tre av stubbane så forstod eg ikkje poenget i det heile. Ein god del av vitsane spelar på kjønn og/eller sex, men kan ikkje seiast å vere grove. Men der er også ein del verkelege perler i samlinga. Ein skal uansett vere ein ganske bra surpomp om ein ikkje lear på smilebandet av og til når ein blar igjennom boka.

Nokon nasjonalskatt er nok ikkje dette, men likevel grei tidtrøyte på ein romjulskveld.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Ingvild SLise MuntheTonesen81Hilde Merete GjessingBjørg  FrøysaaHelge-Mikal HartvedtKirsten LundHarald KRune U. FurbergLilleviIngunn SBjørn SturødCarine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleBeathe SolbergAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg Ristvedt