Verda har gått under, det vil seie; det som er att av verda etter ein apokalyptisk krig har flytta under jorda, nærmare bestemt til metroen I Moskva. Det vil seie, det er for så vidt moskovittar alle saman, boka seier ikkje stort om kva som har skjedd andre stadar i verda, men på den andre sida så gjenskapar moskovittane delar av verdshistoria nede i desse togtunnelane.
Kvar metrostasjon er å reikne som eit eige land, med eigne lover og ideologiar, og med alliansar eller fiendskap til øvrige metrostasjonar. Her finn ein kommuniststasjonar, nazist-stasjonar, handelsmonopol-stasjonar, stasjoner med religiøse fanatikarar, stort sett alt ein treng for å erstatte gamle konflikter i verda på overflata. Tunnelane mellom stasjonane er lovlaust og farleg territorium, der dei mest bisarre ting kan skje.
Hovudpersonen er ungguten Artjom frå stasjonen VDNKh. Det skjer merkelege ting ved stasjonen, og Artjom blir sendt ut på eit mystisk oppdrag for å levere ein beskjed i Polis, ei samanslutning av fire av dei mest velståande Metro-stasjonane. Men vegen dit er lang og farefull, og farene er slett ikkje over når han når fram til Polis.
Eg las denne boka saman med den dystopiske lesesirkelen, diskusjonstråden er her. Eit uventa tema i diskusjonen var utsmykkinga på metro-stasjonane i Moskva, eit par videoar det er lenka til i diskusjonstråden viser dei fantastiske utsmykningane der. Artig å få med seg. Boka for øvrig var god, men eg hadde kanskje venta at den skulle vere enno litt betre. Sjølv om der var nokre overnaturlege eller metafysiske element som eg tykte skjemmer historia litt, så var det ei heilt ålreit bok å lese. Men ikkje ålreit nok til at eg legg umiddelbare planar om å lese oppfølgaren, Metro 2034.