Eg har lenge hatt lyst til å lese noko av Karel Čapek. Denne tsjekkiske forfattaren reiknast mellom anna som opphavsmannen til begrepet «robot», frå eit skodespel han skreiv i 1920. Ei anna av bøkene hans, Krakatit frå 1922. kan sjåast som eit førevarsel om kjernefysiske våpen. Ein kan såleis hevde at han var ein visjonær.

Salamanderkrigen frå 1936 er nok likevel den mest kjende boka hans. Den startar som ei rein røvarhistorie, med ein kapten frå Amsterdam som er på jakt etter perler på ei av dei meir avsidesliggane Sunda-øyene, men som ender opp med å oppdage ein ny art salamandrar. Desse salamandrane er særs intelligente, dei kan kommunisere med menneske, og kan nyttast som særs effektive perlefiskarar. Etter kvart finn ein fleire bruksområder for salamandrar, og populasjonen aukar eksplosivt. Men kan det gå bra i lengda? Og er det rett å halde salamandrar som slavar?

Det er ein sprudlande variasjon i forteljarteknikkar i boka, alt frå rein prosa til møteprotokollar og avisutklipp. Mange skildringar er av ein slik art at dei både er galgenhumor-vittige og vekkjer ettertanke. Spesielt gjorde ein omtale av medisinske forsøk med salamandrar inntrykk på meg. Her gjeng tankane uvilkårleg til Dr. Mengele og forsøka han utførte på jødar i konsentrasjonsleir nokre få år seinare. Det kan gå kaldt nedover ryggen til ein stakar av mindre enn dette.

Eg las denne i den dystopiske lesesirkelen, diskusjonstråden for boka er her. Som vanleg var det både triveleg å lærerikt å delta i diskusjonstråden undervegs i lesinga.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Marit AamdalCecilie69Vigdis VoldEli HagelundPiippokattaRandiALene AndresenKirsten LundSynnøve H HoelReadninggirl30Anette Christin MjøsTor-Arne JensenSverreMarenJarmo LarsenRisRosOgKlagingRoger MartinsenBeathe SolbergTove Obrestad WøienalpakkaEmil ChristiansenNils PharoEivind  VaksvikEllen E. MartolHallgrim BarlaupEgil StangelandJørgen NIreneleserLailaToveKristine LouiseRufsetufsasveinLabbelineVegardBjørg Marit TinholtSigrid NygaardTheaSolJane Foss Haugen